Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal i ein utfordrande situasjon økonomisk

Helseføretaket skal redusere med heile 142,5 millionar kroner for å få endane til å møtast.

John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug, styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Helse Møre og Romsdal er i en svært utfordrande situasjon økonomisk. Det blei klart etter styremøtet tysdag.

Det er 142,5 millionar kroner helseføretaket skal redusere med for å få endane til å møtast.

– Dette er veldig krevjande. Utifrå dei bestillingane vi får frå staten, både til aktivitetar og andre krav gjer det at vi må gjere dette fortare enn vi hadde tenkt oss sjølve, seier styreleiar, John Harry Kvalshaug, i Helse Møre og Romsdal.

Legg ned tilbod

Reduksjon på 142,5 millionar betyr mellom anna at sjukehusa må ta vekk 37 sengeplassar, og samstundes er det klart at etterbehandlingstilbodet ved Barmannhaugen i Kristiansund, og på Aspøya i Ålesund ikkje blir vidareført.

– Eg håper vi klarar det, men vi må sjå i begge endane, det er truleg ein del vi må forskyve for å kome i mål. Vi har tru på at vi skal klare det, men det blir ein krevjande prosess for både for styret, administrasjonen og dei tilsette i helseføretaket, seier Kvalshaug.

– Kva er årsaka til at de er i denne situasjonen?

– Det er ei samling av mange årsaker. Vi har jo inntektstmodellar, statlege føringar og ei drift som var krevjande etter at vi slo saman to helseføretak til eit med store omstillingar og funksjonar som tok noko av fokuset vekk frå omstillinga, seier Kvalshaug.

Slit med å få endane til å møtast

Kvalshaug seier dei slit med å få endane til å møtast. Samtidig er dei bevisst på at det arbeidet som må gjerast ikkje skal bli gjort slik at pasienten ikkje må lide.

– Vi må få pasienten til å ha tru på nye behandlingsmåtar som vi må innføre for å klare dette, seier Kvalshaug.

– Ligg det ein finansieringsmodell i botn her som er for dårleg for Møre og Romsdal?

– Eg trur det kan vere lurt på sikt av helseføretaket å ta ei revurdering på modellen og sjå om den har i seg dei intensjonane som skal til for at det blir fordelt likt utover regionen, seier Kvalshaug.

Møre og Romsdal taper

Knut Ivar Egset

Tilsetterepresentant Knut Ivar Egset.

Også Knut Ivar Egset som er tilsetterepresentant i styret, meiner at dette blir svært krevjande.

Egset meiner at Møre og Romsdal kjem økonomisk skeivt ut i forhold til resten av helseregionen.

– Årsaka til at denne situasjonen er oppstått er ein finansieringsmodell som har kome frå Helse Midt Norge som seier at Møre og skal ha mindre pengar å rutte med, seier Egset.

Så Møre og Romsdal taper innanfor denne modellen?

–Ja, avsluttar Egset.