Hopp til innhold

Håper på mindre kø i Kristiansund

Ei haldningsendring må til for å få slutt på rushkøen i Kristiansund. No lokkar kommunane og fylkeskommunen med gratis buss og båt.

Gratis kollektivtrafikk skal skape ei holdningsendring og redusere rushtrafikken i Kristiansund. Byen slit med lange køer, og éi veke med fri buss og sundbåt er blant tiltaka.

«Sammen skal vi få køen mindre» heiter prosjektet i regi av Kristiansund kommune.

Kø, kø, og atter kø.

Å køyre til og frå jobb i Kristiansund har blitt ein studie av bremselys. Alle køyrer, ingen tek bussen, og køane blir svært så lange.

– Det går ikkje buss, meiner éin av bilførarane.

– Eit strakstiltak

Men bussen finst, midt inne i køen. No ønskjer Kristiansund kommune at folk skal oppdage det.

– Køen er lang i Kristiansund, så dette er eit strakstiltak vi har utvikla for å få kristiansundarane til å endre haldningane til og frå jobb.

Det seier Hege Kristin Hovde, prosjektleiar i «Sammen skal vi få køen mindre».

For at folk no skal reise kollektivt, blir både buss og sundbåt gratis i rushtida, den siste veka i november.

Saka held fram under bildet.

Bilkø i Kristiansund

Køen blir fort lang utanfor Kristiansund, både i morgon- og ettermiddagsrushet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Trur haldningsendringa tek tid

I Kristiansund kommune er varaordførar Line H. Hoem (Ap) kampanjeleiar.

Ho trur ei haldningsendring kan bli vanskeleg i løpet av den eine veka.

– Eg trur det tek litt lenger tid, men eg trur dette er ei god gulrot for dei som vanlegvis vel bilen, seier ho.

Og færre bilar på vegane, med meir plass til bussen, kan ende i spart tid. Men så spørst det om dette er nok.

– Skal mykje til.

– Kva skal til for at du let bilen stå igjen?

– Det skal mykje til, trur eg, seier ein annan av bilførarane i køen.

Likevel, gratis buss og båt kan vere byrjinga. Og dei som betaler for «gulrota» er fylkeskommunen. Dei har god tru på prosjektet, sjølv om dei aldri har prøvd noko liknande.

– Nei, ikkje så lenge og samanhengande. Så dette er spennande, absolutt, seier Rolf Stavik, rådgjevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Men berre endra åtferd kan forbetre situasjonen, meiner han.

Og med prosjektet i gang håper prosjektleiaren at kristiansundarane no blir med.

– Vi veit ikkje korleis det blir, men no ligg det i hendene på kristiansundarane. Dess fleire som deltek, dess mindre kø, avsluttar Hege Kristin Hovde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL