Hopp til innhold

Tollås Nation: – Når hovudmannen heiter Kjetil Rekdal, så bles media det ekstra opp

Kjetil Rekdal stel ofte både overskrifter og søkelyset i media. Likevel meiner AaFK-midtstoppar Jonatan Tollås Nation at Rekdal-saker blir blåst ut av proporsjonar. – Vi har lært oss å leve med det, fortel han.

Rekdal og Tollås Nation

Kjetil Rekdal er alltid mykje omtalt. Fredag uttalte Rekdal seg om arbeidsklimaet i AaFK, og samarbeidet med Henrik Hoff. Jonatan Tollås Nation meiner saka blir blåst ut av proporsjonar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Fredag formiddag skreiv Sunnmørsposten at arbeidsklimaet mellom AaFK-trenar Kjetil Rekdal og klubbdirektør Henrik Hoff er dårleg. Tittel var «Rekdal føler seg overkøyrt av klubbleiinga».

Éi sak Rekdal refererte til var at Enar Jääger ikkje blei tilbode ny kontrakt sjølv om trenaren ville ha han med vidare.

– På mange område er vi ikkje på bølgjelengd. Som klubbdirektør styrer Henrik med sitt, og eg med mitt. Det er mykje vi er ueinige i, men det er vel litt naturleg òg. Privat er det ingen problem mellom oss, seier Rekdal til Sunnmørsposten.

Rekdal seier der er fleire tilfelle, samtidig som han vil ha meir innverknad. Hoff vil ikkje uttale seg om saka til media.

AaFK

Jonatan Tollås Nation meiner saker med Kjetil Rekdal i blir blåst for stort opp.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Saka er blåst ut av proporsjonar

Midtstoppar i Aalesunds Fotballklubb, Jonatan Tollås Nation, meiner saka har blitt større enn den eigentleg er.

– Eg las denne saka, og det blei blåst litt ut av proporsjonar. Han Kjetil sa vel berre at det naturlegvis er litt usemje mellom han og Henrik Hoff om enkelte ting.

Samtidig synest midtstopparen der er synd at Enar ikkje blir med vidare.

– Det er sjølvsagt synd at Enar ikkje blir med vidare om Kjetil ville ha han med.

– Men desse avgjerslene får dei ta på kontoret, eg vil ikkje legge meg borti det, seier Tollås Nation.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal er kjent som ei sitatmaskin. Likevel meiner Tollås Nation at media overdriv.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Store Rekdal-titlar er ei vanesak

Han meiner store Rekdal-overskrifter har blitt heilt vanleg i media.

– Når hovudmannen heiter Kjetil Rekdal, så likar media å blåse det ekstra mykje opp.

Samtidig har det blitt ei vanesak.

– Det har vi spelarane lært oss å leve med når han Kjetil har vore trenar her desse åra.

– Media skriv rasar når det burde stått seier, avsluttar Tollås Nation.

Kva meiner du: Blir Rekdal blåst for stort opp? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL