Hopp til innhold

– Henning kjem til å gjere det bra

Ein smilande Kjetil Rekdal trur tidlegare landslagskamerat Henning Berg vil gjere det skarpt i Blackburn. – Han veit kva som krevst.

Kjetil Rekdal synest det er fantastisk at Henning Berg no blir trenar for den engelsek Championship-klubben Blackburn. Han meiner Berg har store fotballkunnskapar, noko som gjer at han vil lukkast. Samtidig trur han opprykk i år blir tøft.

AaFK-trenar, og tidlegare landslagskollega, trur Henning Berg vil lukkast i Blackburn.

– Det er fantastisk. Både for han Henning og for norsk fotball generelt.

Det var Kjetil Rekdal sine umiddelbare tankar, etter at det blei klart at Henning Berg er tilbudt jobben som trenar for Blackburn.

Trur erfaring frå Blackburn kjem godt med

Medan Kjetil Rekdal har trenarperiodar i Vålerenga, Tyskland og no AaFK, har Henning Berg éi lang periode i Lyn og éi i Lillestrøm.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal meiner Henning Berg har det som trengst for å lykkast i Blackburn.

Foto: Brede Røsjø / NRK

No kan han altså ta steget til England, der Morten Gamst Pedersen sitt Blackburn ventar.

– Henning har lang fartstid som spelar, og har spelt for Blackburn i to periodar. Han har store fotballkunnskapar og mykje erfaring, kommenterer Rekdal på spørsmål om kvifor Berg eignar seg for Blackburn-jobben.

Berg var først i Blackburn frå 1992-97, før han var tilbake i 2000 etter ein fireårsperiode i Manchester United. Der spelte han saman med mellom andre Ole Gunnar Solskjær og Ronny Johnsen.

I Blackburn har Berg vore lagkamerat med mellom andre Stig Inge Bjørnebye, Lars Bohinen og Egil Østenstad.

– Han har vore der, noko som nok er ein fordel. Han veit litt om miljøet og om kva som krevst. Så han kjem til å gjere det bra, trur Rekdal.

Henning Berg

Henning Berg har to lange periodar bak seg som spelar i Blackburn. Kjetil Rekdal trur den erfaringa blir viktig.

Foto: KIERAN DOHERTY / REUTERS

– Det er ein tøff jobb

Blackburn rykka ned frå Premier League i vår, etter å ha blitt nest sist. No forventar folk i Blackburn at laget tek steget tilbake igjen på første forsøk.

I augneblinken ligg laget på 5. plass i Championship, på éin av dei fire kvalifiseringsplassane, like bak dei to plassane som gjev direkte opprykk.

– Det er ein tøff jobb å få Blackburn opp igjen. Det er 46 kampar, og det er knalltøft å bli nummer éin eller to, for der er mange jamgode lag.

– Men det er langt frå umogleg, meiner AaFK-trenaren.

«Drillos» har blitt trenarar

Frå før er Ståle Solbakken trenar i Championship. Han leiar Wolverhampton, som i augneblinken er nummer åtte, to poeng bak Blackburn.

Både Solbakken, Berg og Rekdal har lang fartstid som spelarar i utlandet, og alle tre var ein del av «Drillos» på 90-talet.

I tillegg til dei tre har mellom andre Ole Gunnar Solskjær, Frode Grodås og Stig Inge Bjørnebye gjort trenarkarrierar etter spelarkarrieren.

Moldes manager Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er éin mange tidlegare fotballspelarar som i dag er trenar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Kva er grunnen til at så mange under Drillo har blitt trenarar?

– Vi var kloke fotballspelarar som var vant til å ta ansvar. Vi hadde god speleforståing, og mange av oss var leiartypar. Det er det beste svaret eg kan gi, seier Rekdal til NRK.no.

– Kva har dette å seie for norsk fotball?

– Veldig mykje. Vi får Noreg på kartet, med landslaget på veg oppover og eit U-landslaget som har gjort det bra i det siste. I tillegg har laga i Europacupen gjort det betre enn i fjor.

– Med norske trenarar i utlandet følgjer forhåpentlegvis spelarane òg, avsluttar Kjetil Rekdal – som sjølv har sagt han er lysten på jobben som landslagstrenar etter nettopp Egil «Drillo» Olsen.

Kva trur du er grunnen til at svært mange spelarar frå «Drillos» no er trenarar? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL