Hopp til innhold

-Ferjesaka har snart blitt ein parodi

Med berre dagars mellomrom krasja ferja «Sykkylvsfjord » rett i kaia. Ordførar i Stranda på Sunnmøre, Jan Ove Tryggestad, meiner det snart har vorte ein parodi.

Ferje krasj

Slik har den landfaste ferjelemmen kilt seg fast med den indre delen av baugporten på ferja. Ferja sit dønn fast.

Foto: Roger Gulstø

Stranda-ordfører Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad vil ha nyare ferje i sambandet og krev eit møte.

Foto: arkiv / NRK

I 9-tida i dag skjedde det igjen. Ferja «Sykkylvsfjord» krasja i kaia på Liabygda då den skulle legge til, berre dagar etter at det skjedde forrige gong. Passasjerane høyrde skrik frå mannskapet om at dei måtte halde seg faste. Ingen kom til skade, men enkelte av passasjerane har vore om bord i heile dag, fordi dei ikkje kom seg vidare utan å få med bilen sin.

Parodi

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, fortvilar over dei to ferjeulukkene.

– Dette har nærast blitt ein parodi. Dersom vi i kommunen hadde stilt med tilsvarande gamle bussar for å frakte skuleelevar og vi stadige hadde slike driftsavbrot, hadde det vore vanskeleg å vere ordførar, seier Tryggestad.

Folk i Stranda er vel vande med vinterstengte vegar, men no reagerer dei på at heller ikkje ferjene er til å stole på.

Cato Andersen

Det har gått med mykje kaffi dag for passasjer Cato Andersen om bord i Sykkylvsfjord. Ferja krasja i kaia og kjem seg ingen stad.

Foto: Cato Andersen

Ordføraren ber no samferdsleavdelinga og reiarlaget Fjord 1 om eit møte, for å få erstatta den gamle ferja frå 1975 Han meiner Fjord 1 går på akkord med tryggleiken.

Litervis med kaffi

Ombord i «Sykkyvsfjord» sneglar timane seg avgarde. Cato Andersen har vore i ferja sidan før klokka 09 i dag tidleg og fram til i 19-tida.

– Timane har gått med til kaffidrikking. Det er ingen sveler å få om bord, men vi har fått brødskiver og god mat, fortel passasjer Cato Andersen.

Ferjekrasj

Her har ferja akkurat krasja i kaia på Liabygda.

Foto: Cato Andersen

Kommuneingeniøren var på veg til eit oppdrag i Tafjord i dag, men det måtte han berre sjå langt etter. Det er ingen vits for han å gå i land utan bilen sin.

Må slepast

Sjøfartsdirektoratet har vore om bord og gjort undersøkingar. Dei har gitt reiarlaget Fjord 1 pålegg om å sjekke alt teknisk utstyr knytt til manøvrering. Ferja får heller ikkje gå til verkstad for eiga maskin, og må difor slepast.

– Vi må vere trygge på at det ikkje skjer fleire hendingar og ferja vert difor taua til verkstad, seier Dag Inge Aarhus i kommunikasjonsavdelinga til Sjøfartsdirektoratet.

Slepebåt

Sjøfartsdirektoratet krev at ferja vert slept til verkstad. No ventar dei på meir fjøre sjø.

Foto: Cato Andersen

Det vert no ein gjennomgang av prosedyrane til Fjord 1, der ein skal sjå korleis reiarlaget handterer feil og svikt.

Fjøre sjø

Det har kome ein slepebåt til Liabygda som skal hjepe ferja av ferjelemmen. Mannskapet må vente på at det skal verte meir fjøre sjø for å sette i gong arbeidet, fordi det er fare for at ferja skal dra med seg heile kaia. Litt før klokka 18.30 i kveld starta slepinga.

Ifølgje mannskapet skal det ha vore flaks at den landfaste ferjelemmet sto høgt. På denne måten blei det ein mjukare krasj, og ikkje som ein front mot frontkollisjon.

Fekk seg ein støkk

For Cato Andersen vart dagen litt annleis enn han hadde førestelt seg. Han fekk seg ein støkk då Sykkyvsfjord krasja for andre gong på kort tid. Sist torsdag brasa den same ferja inn i kaia på Stranda, på andre sida av fjorden.

Ingrid Færøyvik

Normalt bør det ikkje vere større risiko for uhell med gamle ferjer, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord 1, Ingrid Færøyvik.

Foto: privat

– Det var ganske høg lyd då ferja small i kaia. Det var ganske skummelt. Eg sto fremst og ferjelemmet kom rett mot meg i høgde med auga mine. Ferja hadde ganske stor fart, så dette var skummelt, seier Andersen til NRK.

Tar saka alvorleg

Fjord 1 tar saka alvorleg og vil gjere grundige undersøkingar for å finne ut kvifor «Sykkylvsfjord» har hatt to uhell med berre få dagars mellomrom.

– Normalt sett skulle det ikkje ha noko å seie at ferjene er gamle, dersom vedlikehaldet er godt. Risikoen bør ikkje vere høgare, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord 1, Ingrid Færøyvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL