Hopp til innhold

Her prøver Redningsselskapet å berge ein kaifast katt

Då Redningsselskapet i Ålesund fekk melding om ein kattunge som sat fast under ei kai, rykte dei ut med lettbåt og dykkar.

Då Redningsselskapet i Ålesund fekk melding om ein kattunge som sat fast under ei bryggje, rykte dei ut med lettbåt og dykkar.

Redningsselskapet prøvde å berge ein kattunge som sat fast under kaia i Ålesund i dag. Til slutt måtte dei sette opp ein stige til katten, så han får klatre sjølv. Foto: Janna Aarvik/Redningsselskapet.

Ole Johnny Hansen

Matros og kokk, Ole Johnny Hansen, dykka under kaia, men fekk ikkje tak i katten.

Foto: Janna Aarvik / NRK

Redningsskøytene sin viktigaste jobb er å berge menneskeliv og verdiar når uhellet er ute. I dag fekk redningsskøyta, Emmy Dyvi, som er fast stasjonert i Ålesund og Fosnavåg, ei uromelding om ein kattunge som sat fast under ei kai.

– Vi var jo like i nærleiken og då var det jo klart at vi ville hjelpe til, seier styrmann Steinar Dimmen.

Dykkar

Matros og kokk ,Ole Johnny Hansen, tok på dykkardrakta og saman gjekk han og Dimmen ut med lettbåt for å redde den forskremde katten. Det var hotelltilsette like ved som melde frå om det hjelpelause dyret. Dei har observert at den vesle katten ikkje klarte å kome seg på land sjølv.

– Då vi nærma oss med båten vart katten endå reddare. Han gøymde seg så langt under kaia at vi ikkje nådde tak i han, fortel Dimmen.

Laga rømmingsveg

Emmy Dyvi

Steinar Dimmen og Ole johnny Hansen ved redningsskøyta Emmy Dyvi i Ålesund, håper at katten vil kome seg på land att.

Foto: Janna Aarvik / NRK

Det hjelpte heller ikkje å lokke pus med god mat. Dermed måtte redningsselskapet legge om taktikken.

– Vi sette like godt opp ein stige, så katten får berge seg sjølv. Vi veit jo at kattar ikkje er så flinke å klatre i stigar, så vi har lagt plankar på, seier Dimmen.

Dei har også lagt att leverpostei for å prøve han.

Dette er aller første oppdraget der Dimmen er med på å berge dyr. Han veit at firebeinte betyr mykje for folk og synest difor at det var kjekt å gjere ein innsats.

– Det kan jo hende at vi tar oss ein tur til for å sjå etter om pus har brukt rømmingsvegen litt seinare, seier Dimmen.