Hopp til innhold

Ferja klarte ikkje stanse- køyrde rett i kaia

Ferja som går mellom Stranda og Liabygda på Sunnmøre krasja i kaia rett før kl 07. Dag Braset som driv bensinstasjon ved ferjekaia kjente at heile bygget rista etter samanstøyten.

Ferje krasja

Her krasja ferja rett i kaia i Stranda sentrum. Kaia fekk skadar. Det er ikkje kjent om også ferja blei skadd.

Foto: Sveinung Vemøy

Vet du mer om saken? Tips oss!

Dag Braset driv Statoilstasjonen ved Stranda ferjekai og fekk seg litt av ei overrasking like etter opningstid.

- Eg høyrde plutseleg ei smell og heile bensinstasjonen rista, seier Braset. Då han kika ut såg han at ferja hadde køyrt rett i kaia 30-40 meter frå sjølve innløpet.

Ferje krasja

Katpteinen ombord fortel at dei ikke klarte å stanse på grunn av ein teknisk feil.

Foto: Sveinung Vemøy

Klarte ikkje stanse


Kaptein på ferja Sykkylvsfjord, Bjørn Hornberg seier at ingen personar kom til skade.

- Vi hadde ein teknisk feil som gjorde at vi ikkje klarte å stanse. Dermed gjekk vi rett inn i kaia ved sjøkanten, altså ikkje ferjekaia, seier Hornberg.

Etter uhellet køyrde ferja ut att på fjorden og snudde, slik at bilane kunne rygge ut.

Trebitane fauk


Sveinung Vemøy stod på kaia og venta på ferja, då han såg at ferja kom inn frå sida og small inn i kaia så trebitane fauk.

- Eg prata med matrosen etterpå og han fortalte at han rakk å rope til passasjerane at dei måtta gå vekk frå bilane, fortel Vemøy.

Han fekk vere med ferja over fjorden etter uhellet og måtte rygge ut, fordi ein ikkje kunne bruke den skadde opninga.

Ferja var ute av drift i fire timar medan ein sjekka skadeomfanget. Politiet tok rutinemessig alkoholtest av alt mannskap, men det er ikkje mistanke om promille.

Ferje krasja

Ferja blei teken ut av trafikk. No skal dei undersøkje kor store skadane på ferja er.

Foto: Sveinung Vemøy