Hopp til innhold

Nesten cupsensasjon i Bærum

Handballdamene til Volda reiste til Bærum for ei stor NM-oppleving. Til pause såg det ut til å gå mot sensasjon: Volda var i leiing mot Stabæk – som er i Eliteserien.

Volda HK etter NM-møtet med Stabæk

Denne gjengen har nettopp tapt ein handballkamp. 29-26-tap, mot eitt av Noregs beste handballag i Stabæk, er uansett noko å juble for når ein er 2. divisjonslag.

Foto: Volda Handball

– Ansikta til jentene fortel meg at dette var ei fantastisk oppleving!, seier Volda-trenar Alfred Ørn Finnsson etter ein overraskande jamn cupbatalje mot Stabæk.

Volda er opprykksfavoritt i 2. divisjon, avdeling 5. Altså nivå tre i damehandballen i Noreg.

I NM er laget langt frå favoritt. Men Volda tok seg i alle fall til 4. runde – som eitt av dei 16 siste laga i cupen.

Då Volda trakk Stabæk – borte – såg 4. runde ut til å bli siste kamp. For Stabæk er på øvre halvdel i Eliteserien, og spelte cupfinale i 2011.

Men så er det cupen, då ...

Alfred Ørn Finnsson

Volda-trenar Alfred Ørn Finnsson var svært glad og fornøgd etter eit knapt tap mot eitt av Noreg sine beste handballag.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

15–14 til pause

Volda reiste til Bærum tidleg onsdag, og spelte kamp seint på ettermiddagen.

Stabæk stilte utan deira kanskje beste spelar, landslagsspelar Stine Bredal Oftedal, men oddsen for kalassiger var uansett stor.

– Målet mitt før vi reiste ned var å halde Stabæk under 30 mål. Og eg hadde eit håp om å tape med under 10 mål, fortel Volda-trenar Ørn Finnsson.

Og så starta kampen. 1-1, 3-3, 6–6. Så gjekk Volda opp til 6–8. Etter 23 minutt leia Stabæk 13-11, før Volda gjekk opp til 14–15 ved tolvmålsscorar og stortalent Malene Aambakk like før pause.

– Vi leiar faktisk til pause. Det var ikkje akkurat som forventa, seier Ørn Finnsson på telefon frå Bærum til NRK.no.

Stabæk heva seg, men Volda heldt følgje

Ein kan berre sjå føre seg kva som skjedde i Stabæk-garderoben i pausen. Å ligge under mot eit 2. divisjonslag er langt frå kvardagskost.

Og eliteserielaget, som tapte cupfinalen i sesongen 2011/12 for Larvik, heva seg etter pause. På nokre få minutt snudde heimelaget til 18–15.

– Stabæk spelte svært godt i ein periode i andre omgang. Eg måtte ta ein tidleg time-out då, fortel trenaren.

– Då kom vi betre med igjen.

På det meste var Stabæk i leiinga med seks mål, 23-17, før Volda henta seg inn igjen.

– Ein enorm opptur

Volda kjempa og heldt oppe trykket, og då sluttsignalet gjekk stod det 29–26 på resultattavla.

– Det er som ein draum. Vi er godt med i kampen i 60 minutt, seier trenaren.

– Er du overraska over resultatet, og det faktum at Stabæk ikkje høvla over Volda?

– Det kan vere vanskeleg å motivere seg for Stabæk. Men eg er overraska, ja.

Men Stabæk gjekk ut før kampen og var klare på at dei tok Volda på fulle alvor. Alle unntatt éin spelar stilte.

– Dette blei ei skikkeleg oppleving. Alle som er med får spele, og sjølv om vi taper så er dette ein enorm opptur. Å tape 29–26 er nesten som ein siger.

– Vi opplever nesten at vi har vunne kampen, og dette er kjekt å ta med seg framover. Men no må vi faktisk fokusere på neste kamp. Vi må dessverre ned på jorda igjen, avsluttar Ørn Finnsson – som satsar på fullsett hall når NTNUI vitjar Voldahallen søndag.

I 2. divisjon, avdeling 5, har både Volda, Ålesund og Molde opna med to sigrar.