– Vi utliknar fortent i andre omgang, synest eg, men så ryk kampen på slutten. Etter fleire store Start-sjansar.
Det kommenterte Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland etter 2-1-tap på Sør Arena søndag.
Pressa av serieleiaren
Motstandar Start både var og er suveren serieleiar, og cruisar mot opprykk til Tippeligaen.
– Kampen er tøff, og Start er bra. I første omgang, spesielt dei første 15 minutta, får vi køyrt oss, sa Nyland.
Dommaren hadde så vidt fått blåst i gang kampen før 1–0 kom på Sør Arena.
Ernest Asante blei spelt gjennom og banka inn heimeleiing. Ein god Hødd-keeper hindra stygge siffer før kvilen.
Sandal tente håpet
Start heldt oppe trykket i andre omgang. Ei feberredning frå Nyland hindra brassescoring signert Espen Hoff.
Plutseleg kom derimot utlikna for blåtrøyene. I det 71. minutt blei Erik Sandal spelt gjennom av høgreback Akeem Latifu. Hødd-veteran Sandal var iskald og chippa inn 1–1.
Hødd-håpet var tent, men like før slutt blei det sløkt. Start-kaptein Glenn Andersen var høgst i feltet etter innlegg, og stanga inn 2–1
Det var nok heller fortent på Sør Arena.
– Bonuskamp
I kampen på Sør Arena blei både Hødd sin toppscorar Pål André Helland og Vegard Heltne spart. For på torsdag skal det spelast NM-semifinale.
Hødd kan nå ein historisk cupfinale dersom Brann blir slått på Høddvoll.
– Gulrota har ligge der lenge no, og det blir kjekt å få spele kampen. Det blir tøft, men vi har heimebane og sjansar, seier Nyland til NRK.no.
– Kva er viktigast då: Cupfinale eller å stå?
– Det er sjølvsagt å halde seg i Adeccoligaen. Det er der vi får utvikling på eit høgt nivå heile tida.
– Cupen er rein bonus. Men sjølvsagt vil vi til cupfinalen!, avsluttar keepertalentet Nyland – som har vore i søkelyset til fleire klubbar den siste månaden.