Hopp til innhold

Stranda jobbar med to budsjett samtidig

Stranda kommune er inne i ein krevjande periode. No jobbar dei dobbelt opp for å få endane til å møtast.

Ann Kristin Langeland

Rådmann i Stranda, Ann Kristin Langeland jobbar på spreng med to budsjett

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

– Vi prøver å få den nødvendige oversikt over situasjonen, så jobbar vi med prognosane for ut året, for det vil då leggje grunnlag for eit realistisk budsjett vi skal legge fram den 20. oktober, seier rådmann i Stranda Ann Kristin Langeland.

Fylkesmannen underkjente årets budsjett og no blir det jobba på spreng for å få endane til å møtast. Kommunen har 890 millionar kroner i gjeld og 30 millionar i underskot.

Jobbar dobbelt opp

Det nye budsjettforslaget skal leverast 20. oktober, og samtidig skal også budsjettet for neste år leggjast fram.

– Parallelt med det nye forslaget for årets budsjett startar vi på budjsettprossdessen for 2013, og så er det jo arbeidet med den forpliktige planen som kanskje er den mest krevjande. For det er jo det langsiktige perspektive i budsjettarbeidet no, seier Langeland.

Stranda Rådhus

På kommunehuset i Stranda jobbar dei på spreng for å kome i mål med budsjetta.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK


Stranda kommune er allereie på ROBEK-listen, og lånegjelda er no oppe i
svimlande 890 millionar kroner. Det utgjer fire gangar meir per innbyggjar enn snittet for resten av kommunane i fylket.

Det å jobbe med to budsjett og samtidig skulle takle den enorme gjeldssummen er utfordrande fortel rådmannen.

– Ein budsjettprosess i ei kommune er jo vanlegvis krevjande for alle kommunane, no skal vi køyre ein dobbel prosess og det seier seg sjøl at det krev arbeid.

Fokus på godt tenestetilbod

Stranda skisenter

Alpinanlegget på Strandafjellet er eit av dei mest omdiskuterte punkta i budsjettet til Stranda kommune.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Når rådmannen og staben hennar no jobbar på spreng for å leggje fram budsjett- og økonomiplanen ser dei på kva som er viktigast å halde oppe.

– Vi er realistar. Vi har fokous på at vi skal ha eit godt tenestetilbod i Stranda framleis, og det er målsetjinga vår. Det er det som er driven vår.


Langeland vil ikkje seie noko no om kva som eventuelt vil bli kutta på for at Stranda kommune sin økonomi skal sjå grønare tall i framtida.