Hopp til innhold

Den sikta hadde promille då bilen enda på sjøen

Eigar hadde inga aning om korleis eigen bil hamna på sjøen. No har politiet pågripe ein mann i 20-åra. – Vi fann han med synlege skader og våte klede, opplyser operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Bil i sjøen

Eigar av bilen skal ikkje ha vore i bilen. Politiet sit no i samtalar med eigaren, for å finne ut kor mange og kven som faktisk var i bilen.

Foto: John Birger Våge

– Det kan sjå ut som bilen har gått rundt før den har hamna i sjøen. Skadane bilen er påført er relativt store.

Det sa Leif Arne Valderhaug, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, laurdag morgon.

Rundt klokka 11.00 var éin mann pågripen.

Han er sikta for promillekøyring. Om har blir sikta for biltjuveri blir opp til eigar av bilen.

– Synlege skader og våte klede

– Politiet har pågripe éin mann mistenkt for forholdet. Han er no på veg til legevakt for blodprøve, sa Valderhaug like over klokka elleve laurdag formiddag.

– Kvar blei mannen funne?

– Vi fann han heime hos seg sjølv. Han hadde synlege skader og våte klede, fortel Valderhaug.

Leif Arne Valderhaug

Operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Leif Arne Valderhaug, fortel at den mistenkte mannen blei funnen med synlege skader.

Foto: Andreas Sundby, NRK Møre og Romsdal

Ifølgje operasjonsleiar skal mannen ikkje vere ein kjenning av politiet. Han er i byrjinga av 20-åra.

Hadde ikkje sertifikat, men hadde promille

Den pågripne innrømma køyring til politiet. Mannen hadde ikkje førarkort.

Etter blodprøve på legevakta blei det i tillegg slått fast at førar hadde promille.

– Éin mann er sikta for køyring i rusa tilstand etter utforkøyringa på Berge i Herøy kommune, seier Valderhaug.

Etter blodprøve blei den sikta innlagt ved Ålesund sjukehus for observasjon.

– Det har vore svært store krefter i sving. Legane vil vere sikre på at det ikkje er indre skader. For der var merke etter bilbelte og skrubbsår.

Dykkarar søkte etter skadde i sjøen

Det var klokka 07.30 at politiet fekk melding om ein bil i vatnet ved Berge i Herøy, like ved fylkesveg 654.

Bilen skal ha forsvunne utfor vegen like før eit autovern, hamna i sjøen og blitt flyttande i overflata.

– Dykkarar søkte i sjøen ved Berge i Herøy, og konkluderte med at der ikkje var personar i sjøen, fortel Valderhaug til NRK.no.

Eit nytt, og meir omfattande, søk blei gjort i 11.30-tida. Heller ikkje då blei det funne nokon.

– Eigar er sjekka ut

Ei stund etter uhellet skal politiet ha lokalisert eigar av bilen, også han i byrjinga av 20-åra.

Han forstod ikkje korleis bilen hadde hamna i sjøen.

– Han sit i samtalar med politiet. Vi vil vite kor mange som var i bilen, og ikkje minst kven som køyrde den, sa operasjonsleiar klokka 11.00.

Då éin mann blei pågripe blei eigar kjapt sjekka ut av saka.

– Er den pågripne ein kjenning av bileigar?

– Det vil eg ikkje uttale meg om, seier Valderhaug til NRK.no.

Førar av bilen er sikta for promillekøyring. Kor vidt han òg blir sikta for biltjuveri blir opp til eigar av bilen. Det blir uansett ei klar forsikringssak.

Veit du noko om saka? Tips oss på mr@nrk.no eller på telefon 70 11 52 00.