Hopp til innhold

–Snart må vi bestille maten på engelsk på restaurant

– Kokkeelevane får ikkje den motivasjonen dei treng og vil difor ikkje jobbe i bransjen, hevdar restauranteigar, Ivar Breivik frå Ålesund. Dermed må restaurantane rekruttere utanlandsk arbeidkraft.

Det er for dårleg skulering og opplæring av kokkar og servitørar. Derfor sviktar også rekkruteringa av norsk arbeidskraft til bransjen. Det meiner den kjende kokken og restauranteigaren, Ivar Breivik frå Ålesund.

Det er vanskelig å rekruttere norske kokkar. Vladimir Janoska frå Slovakia bergar dei norske restaurantane.

Ivar Breivik

Ivar Breivik spår at vi om nokre få år må bestille maten på engelsk fordi ein ikkje klarer å rekruttere norske servitørar og kokkar.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Kokk Vladimir Janoska kjem frå Slovakia og jobbar på restaurant i Ålesund. Han er eit typisk eksempel på at restaurantbransjen slit med å få tak i nok arbeidskraft frå Noreg.

Restauranteigar Ivar Breivik meiner elevane får for lite motivasjon i skulen, og at det er grunnen til at dei vel dei vekk kokkeyrket etter lærlingtida er omme.

– Når ein skule på tre klasser har eit budsjett på berre 150.000 kroner å lage mat for, blir ikkje det rare blomskålsuppa, meiner Breivik.

Kan ikkje like mykje

Rektoren ved Borgund vidaregåande skole i Ålesund, Jessie Strand Fagervoll, innrømmer at elevane er mindre spesialiserte enn før. Etter kunnskapsløftet vart yrkesfaga endra, slik at ein ikkje går like mykje i djupna som før.

Jessie Strand Fagervoll

Jessie Strand Fagervoll innrømmer at elevane på yrkesfag ikkje går like mykje i djupna som før.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det gjer at lærebedriftene opplever at elevane ikkje kan så mykje innanfor faget som dei gjorde før, seier Fagervoll.

Engelsk i restauranten

For Breivik betyr det at han i framtida må bu seg på å bruke meir utanlandsk arbeidskraft.

– Om tre til fem år må du rekne med å måtte bestille maten på engelsk og at dei som står på kjøkkenet heller ikkje kan norsk, seier Breivik.