Hopp til innhold

To hus er evakuerte etter jordras i Midsund sentrum

To familiar er evakuerte frå bustadane i Midsund i Romsdal. Det har gått eit jordras midt mellom husa.

To husstandar er evakuerte i Midsund. Det har gått jordras i Midsund sentrum

Jordraset har bana seg veg mellom husa på Midsund. Raset har mellom anna teke med seg ein bil som sto mellom husa.

Midsund jordras

Det har vore enormt med nedbør det siste døgnet og geolog er no på veg for å vurdere om det er fare for fleire ras.

Foto: Odd Fremstedal

Eit hus er treft av jordras i Midsund sentrum. Dei som budde i huset har kome seg uskadde ut.

Kristian Haukås bur i det øvste huset og vart overraska då brannvesenet brått ringte på døra i dag tidleg.

– Dei sa at det hadde gått ras og at eg måtte ut av huset fort. Då var det berre å dra på seg kleda og kome seg ut, fortel Haukås.

Det står to hus i nærleiken av raset og begge er no evakuerte. Totalt fem personar fra husa er evakuerte.

Brannvesenet har kome fram til rasstaden. Skadane er store.

Brannvesenet har kome fram til staden. Skadane i området er store.

Enormt med regn

Ordførar Einar Øyen i Midsund fekk melding klokka 8 i dag tidleg og har allereie samla kriseleiinga i kommunen.

– Det er eit betydeleg jordras etter mykje nedbør det siste døgnet, seier Øien. Han fortel at det går ei elv i nærleiken av raset. Geolog er no varsla og vil vurdere om det er fare for nye ras.

Kjem de til å evakuere fleire hus?

– Det er berre desse to husa som står der, så det vil ikkje vere nødvendig, seier Øien.

Har du bilete? Send til mr@nrk.no eller på MMS med kodeord mr til 1987

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL