Hopp til innhold

– Kan miste retten til å virke som lege i Noreg

Ein tidlegare fastlege på Nordmøre vert granska for omfattande rot og lovbrot. Likevel er legen i legejobb ein annan stad i landet.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke, granskar no ein fastlege for lovbrot og omfattande rot.

Foto: NRK

Helsetilsynet granskar no ein lege på Nordmøre for grov feil i tenesta.

Over ein periode på fleire år skal lege ha slurva med både journalføring, behandlinga av pasientane sine og ha kravd ulovlege refusjonar frå NAV.

– Det starta med at vi fekk ei bekymringsmelding som gjorde at vi etter kvart starta tilsynssak.

– Så lenge den ikkje er avslutta så har ho framleis autorisasjonen sin, fortel Christian Bjelke om den kvinnelege under gransking.

– Eg kan ikkje prate for arbeidsgjevarar, men vi har gjeve opplysningar til dei som har bedt om referansar, fortel fylkeslegen.

Lang, lang liste

Grunnane til granskinga er mange.

Tilsynssaka til Helsetilsynet i Møre og Romsdal er svært omfattande. Granskingslista strekk seg frå feilbehandling av pasientar, til mangelfull journalføring, mangelfull behandling av pasientar, ureglementerte heimebesøk, ureglementerte utskrivingar av medisinar og rot med refusjonar frå NAV.

Fylkeslegen fortel at dei har gått inn i fleire saker.

– Vi såg på fleire pasientsaker, pluss fleire saker frå NAV.

– Det er ganske mange saker som er opplyst, og ni pasientsaker vi opphavleg gjekk inn i, opplyser Bjelke til NRK.no.

Kan vere endeleg stopp

Den kvinnelege legen har tidlegare vore granska av helsetilsynet for dårleg oppfølging av pasientar, samt mangelfull journalføring og brot på tausheitsplikta.

No kan det altså vere endeleg stopp for legen i Noreg.

– Ho har fått eit brev frå Statens helsetilsyn, der ho må svare på ein del spørsmål. Vidare gransking er avhengig av dette, seier Bjelke.

– Så ho kan miste retten?

– Ja, ho kan miste retten til å virke som lege i Noreg.

– Kva har lege sjølv forklart?

– Ho har forsøk å forklare ein god del av desse sakene, avsluttar Bjelke om legen som no er lege ein annan stad i Noreg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL