Tre av gulla gjekk til det svært så store friidrettstalentet Karsten Warholm, Dimna IL, frå Ulsteinvik.
Han tok gull på 100 meter, 300 meter hekk og i høgde. Men utrulegaste av alt: Han tok alle gulla i løpet av «éin» konkurranse.
– Han hoppa 2.01 i høgde, men kunne hoppa høgare. Han måtte stoppe, for då var det klart for finale på 100 meter.
– Og midt i høgdekonkurransen hadde han finalen på 300 meter hekk òg. Så han hadde ein hard dag, fortel Dimna-trenar Arve Hatløy.
Alle dei tre resultata til Warholm var meisterskapsrekord.
Sju Dimna-medaljar
I alt tok Dimna IL sju medaljar. I tillegg til Warholm sine tre gull, tok Hallbjørn Hasund Thorseth gull på 110 meter hekk i G-17-klassen. Dei to siste medaljane var i G-15-klassen.
– Det var litt overraskande at Nicolas Roppen Masters persa kraftig og tok medalje på 100 meter. Også litt overraskande at Tobias Skavnes Våge tok sølv. Begge i sitt første UM, fortel Hatløy.
Før UM på Askøy utanfor Bergen var målet til Dimna IL 10 medaljar.
– Når vi allereie har tatt sju medaljar, så ligg vi godt an i forhold til målet vårt. Det gjekk vår veg i går, seier Hatløy.
Saka held fram under bildet.
Sprintgull til Ålesunds FIK
Alle gutemedaljane gjekk til Dimna IL, medan dei to siste medaljane på jentesida gjekk til Ålesunds FIK og Eide IL.
Alice Ulla Berg frå Ålesunds FIK var suveren på 100 meter i J-15-klassen.
– Ho er favoritt på alle sprintdistansane, og sprong kjempegodeløp både i forsøk, semi og finale, fortel Hatløy frå Dimna IL.
Ulla Berg er òg storfavoritt på 200 meter laurdag og søndag.
Den siste medaljen i fylket gjekk til Kristin Eide Øien, Eide IL. Ho tok sølv i slegge i J-17-klassen.
Hatløy fortel at det nok blir mange medaljar både laurdag og søndag. Forhåpentlegvis blir det fleire gull òg, avsluttar Dimna-trenaren.
Resultat:
Jenter:
- Gull: Alice Ulla Berg, Ålesunds FIK: 100 meter J-15: 12.66 sekund
- Sølv: Kristin Eide Øien, Eide IL: Slegge J-17: 42.45 meter
Gutar:
- Gull: Karsten Warholm, Dimna IL: 100 meter G-16: 11.05 sekund
- Gull: Karsten Warholm, Dimna IL: 300 meter hekk G-16: 38.64 sekund
- Gull: Karsten Warholm, Dimna IL: Høgde G-16: 2.01 meter
- Gull: Hallbjørn Hasund Thorseth, Dimna IL: 100 meter hekk G-17: 14.88 sekund
- Sølv: Tobias Skavnes Våge, Dimna IL: 300 meter hekk, G-15: 42.83
- Sølv: Henrik Overvåg, Dimna IL: 100 meter G-18/19: 10.73
- Bronse: Nicolas Roppen Masters, Dimna IL: 100 meter G-15: 11.78