Hopp til innhold

– Nei-et betyr intet om det blir ja på tysdag og den 27. august

Oddbjørn Vatne har kjempa for Nordøyvegen i år etter år. Nei-et frå fylkesrådmannen tek den tidlegare Haram-ordføraren med fatning.

Oddbjørn Vatne
Foto: Trond Vestre / NRK

Oddbjørn Vatne

Vatne er klar på at den eigentlege kostnaden først blir klar når anboda er i hamn.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette var heilt klart venta. Ser ein historisk, så har det vel knapt vore ei positiv innstilling frå fylkesadministrasjonen til Nordøyvegen nokon gong.

Det seier Oddbjørn Vatne. Han har vore dagleg leiar i Nordøyvegen AS, han har vore ordførar i Haram kommune, og han er leiar i samferdsleutvalet.

Sidan dei første ideane om fastlandssamband til Nordøyane dukka opp på 60-talet har Vatne vore positiv og gått i bresjen for prosjektet. At fylkesrådmannen seier klart nei, bør ikkje stoppe prosjektet, meiner Vatne.

– Det er nok politikarane, som nærmast alltid har vore samla, som må få gjennom Nordøyvegen.

Saka skal opp i samferdsleutvalet på måndag, før fylkesutvalet og fylkestinget seie sitt.

Vatne har prata med politikarane

Politikarane i fylket har tidlegare vore positive til Nordøyvegen, noko Vatne meiner dei framleis er.

– Eg har prata med dei fleste politikarane, altså gruppeleiarane, dei er innstilte på å finne ei løysing slik at vi får gjennom Nordøyvegen.

– Men fylkesrådmann Guttelvik seier dette prosjektet blir for dyrt. Kvifor høyrer de ikkje på han?

– Vi lyttar sjølvsagt, men vi lyttar òg til Vegvesenet sitt kostnadsoverslag.

– Kostnadene er då eit par 100 millionar lågare. I tillegg er der nedskjeringspotensial, som er mogleg å ta ut om nødvendig, på om lag 300 millionar. Så får vi igjen momsen på vel 140 millionar ... Så det er betydelege ting med i dette som trekk ned kostnaden, ramsar Vatne opp.

Saka held fram under bildet.

Magnhild Meltveit Kleppa og Oddbjørn Vatne

Her er Oddbjørn Vatne avbilda saman med Magnhild Meltveit Kleppa den gongen ho var samferdsleminister. Vatne peikar på Nordøyane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er tre supplybåtar, ikkje verre

Vatne seier fleire gonger at den eigentlege prisen først kjem når anboda er inne. Innan den tid er tala innarbeidde med sikkerheitsmarginar.

Nordøyveg-forkjemparen hadde sjølvsagt håpa på eit ja frå fylkesrådmannen, men trur ikkje følgjene blir store.

– Nei-et betyr intet om det blir ja på tysdag og den 27. august. Det som er sikkert er at administrasjonen må innfinne seg med vedtaket frå fylkestinget.

– Men sjølvsagt, ei negativ innstilling er tyngre å jobbe med.

– Tala syner at ei realisering vil koste fylkeskommunen 3,4 milliardar i netto driftskostnader. Dette er per dags dato det desidert dyraste samferdsleprosjektet i Møre og Romsdal fram til no. Kvifor fortener desse få menneska på Haram og Sandøy denne vegen?

– Det er det største øysamfunnet i Noreg utan fastlandssamband. Det er eit øysamfunn med betydelege næringsliv og maritime klyngjer, og bedriftene her ute er viktige. Om vi pratar pris, så er prisen 2,665 milliardar. Det er kalkyla. Det er tre supplybåtar, ikkje verre, avsluttar Vatne.