Hopp til innhold

Vil ha færre politidistrikt – meiner politidirektoratet må ta ansvar

Færre politidistrikt har vore kjempa lenge for, og kommisjonsrapporten etter 22. juli gjorde ikkje argumenta svakare. – Større politidistrikt vil gjere oss meir robuste, seier politimeister i Sunnmøre politidistrikt.

Steven Hasseldal

Politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Steven Hasseldal, meiner 28 politidistrikt er altfor mange. No håper han Stortingsmeldinga til hausten er einig med han sjølv.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Politidirektoratet må ta eit sterkare ansvar.

Det meiner politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Steven Hasseldal. Etter at 22. juli-kommisjonen la fram sin rapport måndag, har Hasseldal berre blitt enda meir sikker i si sak.

– Direktoratet må ta ansvar for samordning og effektivisering, slik at ein får gode løysingar som er meir robuste og berekraftige, seier Hasseldal til NRK.no.

I mai i år var Hasseldal soleklar på at hans eige politidistrikt burde slåast saman med Nordmøre og Romsdal.

– Eitt politidistrikt i Møre og Romsdal er fornuftig. Då får ein betre utnytta dagens ressursar, sa Hasseldal den 8. mai.

Steven Hasseldal

Steven Hasseldal meiner politidirektoratet må ta meir ansvar.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Samanslåing vil styrke alle ledd

Hasseldal meiner rapporten etter 22. juli berre understrekar viktigheita av god beredskap. Han meiner færre og større politidistrikt vil stå sterkare rusta i krisesituasjonar.

– Større politidistrikt vil styrke operasjonssentralane. Det vil gjere det enklare å svare på henvendelsar og det vil bli enklare å styre ressursane politiet har til rådigheit.

I mai var Hasseldal enda meir tydeleg på kva som blir betra i eige fylke, samt liknande stadar der samanslåing er tema.

– I dag har vi to operasjonssentralar i Møre og Romsdal. Begge er døgnkontinuerleg bemanna. Om vi slår saman er vi: betre rusta, den faglege kompetansen vil auke, ein kan i større grad ha tenesteordning døgnet rundt fleire stadar, og ein kan spisse spesialstillingar, sa Hasseldal.

Stortingsmeldinga kjem no til hausten. Den håper Hasseldal er både tydeleg og klår.

– Eg håper og trur at regjeringa vil gå i den retninga mot samanslåing. Eg meiner det har mykje føre seg med eitt politidistrikt i eige fylke. Større politidistrikt vil gjere oss meir robuste, seier Hasseldal, og slår nok ein gong fast sin eigen bodskap.

Saka held fram under bildet.

22. juli-kommisjonen

22. juli-kommisjonen gav politiet krass kritikk. Steven Hasseldal er klar på at politiet no må følgje opp.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Politiet må følgje opp det kommisjonen skisserer

Måndag fekk politiet krass kritikk etter 22. juli. Hasseldal, som er landets yngste politimeister, meiner politiet no følgje opp.

– Frå politiet si side er det heilt avgjerande at ein følgjer opp tiltaka som kommisjonen no har skissert som moglege tiltak.

Alvoret i rapporten er stort, noko både politiet sentralt og Hasseldal er klar over.

– Skal politiet bevare tilliten i samfunnet må vi vise at vi følgjer opp dette praktisk.

– Men det gjeld også politisk. Politikarane må vise at dei er villige til å satse på beredskap, avsluttar ein tydeleg Hassedal.