Hopp til innhold

Prøvde å følgje lova til punkt og prikke – fekk alt for mykje arbeid

Ein omfattande bygg- og eigedomskontroll, har avslørt feil og manglande søknader ved kvar fjerde eigedom i Kristiansund kommune. No greier ikkje kommunen å behandle alle avvik-sakene ...

Ein omfattande bygg- og eigedomskontroll, har avslørt feil og manglande søknader ved kvar fjerde eigedom i Kristiansund kommune. Så mange avvik vart registrert, at kommunen ikke greier å behandle alle sakene.

Ein omfattande bygg- og eigedomskontroll har avslørt feil og manglande søknader ved kvar fjerde eigedom i Kristiansund kommune.

Geir Aakvik

Geir Aakvik, plan og bygningssjef i Kristiansund kommune, trudde ikkje det fanst så mange byggeavvik i eigen kommune.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Over ei tid no har plan- og bygningsetaten i Kristiansund kommune målt, fotografert og kontrollert meir enn 500 eigedomar i.

Dei leitar etter bygg og endringar som ikkje har blitt søkt opp, og fører sirleg opp på eigen teikningar for å få med seg alle ulovlegheiter.

Målet var å få rydda opp i alle feil, alt på ein gong.

– Til å byrje med så ville vi, ut frå likebehandlingsomsyn, ta tak i det lova seier skal vere behandla etter plan- og bygningslova.

Det seier Geir Aakvik, plan og bygningssjef i Kristiansund kommune. Det viste seg derimot tidleg at kommunen hadde gapt over for mykje.

– Det vi no ser er at dette totalt sett har fått eit overraskande stort omfang, fortel Aakvik.

Ingrid Sandnes Olsen

Ingrid Sandnes Olsen synest Kristiansund kommune går litt vel drastisk til verks.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

19 år gammal leikestove

Blant anna ei lett forfallen leikestove fekk melding å søke godkjenning.

– Den har vel stått her i 19 år, fortel Ingrid Sandnes Olsen.

Og slikt pirk, på gamle og gløymte små påbygg, har skapte irritasjon. Det har òg skapt ekstremt med arbeid for Kristiansund kommune.

Skal kommunen følgje lova til punkt og prikke, hadde kvar fjerde eigedom hatt avvik og feil som måtte gjerast noko med.

Må prioritere

Dermed må kommunen prioritere.

– Ut frå vår saksbehandlingskapasitet og den generelle saksbehandlingstida i vår kommune, så har vi stilt spørsmålsteikn om det er rett prioritering å gå på alle sakene, seier Aakvik.

Kontrollane held derimot fram. Likevel blir det litt lausare i snippen – det er dei store avvika som skal takast.

Oppmåling

Dei utsende frå kommunane brukar presist utstyr for å finne avvik.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no