– Slepp du inn mål på heimebane, så blir det tungt på bortebane. Det har eg lært frå den tida eg sjølv var spelar, fortel Ole Gunnar Solskjær til Molde-TV.
Molde-trenaren har ei lang karriere bak seg, med mange minne frå spel i Europa saman med Manchester United.
I kveld onsdag leier han Molde som trenar, med mål om nye minne frå Champions League. Første hinder på vegen er latviske Ventspils.
– Det er vanskeleg å seie kor gode dei er. Vi har hatt folk i Latvia to gonger og vi har sett mange videoar av dei, seier Solskjær.
– Men det er eit godt latvisk lag. Dei spelte mot Tromsø i mars, der dei vann 1–0. Så eg reknar med det blir jamt.
Kampen startar 20.45 på Aker Stadion i Molde, midt under Moldejazz.
Lysten på å kontre borte
Molde er inne i ein tøff periode, med seriekampar, cupkampar og no kvalifisering til Champions League. Solskjær trur spelargruppa taklar køyret.
– Eg håper på mange kampar framover. Går vi gjennom andre runde no, så får vi minst fire kampar til. Spelar ein kamp ofte nok mot lag på høgare nivå, så venner ein seg til nivået.
– Då har ein tatt eit langt, langt steg i forhold til andre norske lag, seier Solskjær.
Men for å få fleire kampar må Ventspils slåast over to kampar. På heimebane er målsetjinga enkel.
– Vi må ikkje sleppe inn mål. Vi har bortekamp i andre kampen, og dersom vi har 1–0 frå heimekampen så må Ventspils score minst eitt.
– Då er vi eit godt kontringslag med enorm fart, og får vi eitt borte så må dei score tre, nikkar Molde-trenaren.