Hopp til innhold

Hødd til kvartfinale for første gong sidan 1995

Etter ei show av dei sjeldne skaut Hødd seg sjølve til kvartfinale i cupen. Asker reiser heim med 7-0 i bagasjen.

Hødd Asker 7-0

Innbytar Christian Mork scora 7–0 for Hødd mot Asker. Her blir han gratulert av lagkameratane. Erik Sandal (bakarst) scora to mål på to gode langskot.

Foto: NRK

Det var aldri tvil kven som skulle til kvartfinale på Høddvoll. Blåtrøyene frå Ulsteinvik tok tak i kampen frå første sekund.

Til pause stod det 3-0, men Hødd stoppa ikkje før det stod 7-0.

Før kampen hadde assistenttrenar Sindre Eid frykta ein tidlegare Hødd-spelar, men frykta var uberettiga.

To Sandal-perler før pause

Hødd var det suverent beste laget på Høddvoll. Det gjekk heller ikkje lange stunda før heimelaget tok leiinga.

Vegard Heltne scora 1–0 etter berre fire minutt. Han fekk ballen like innanfor sekstenmeteren, og skaut ballen til side for Thomas Lia i Asker-målet.

I det 20. minutt la Erik Sandal på til 2–0 på eit flott langskot. Ein corner blei stussa ut igjen i feltet, og enda til slutt i føtene til Sandal - som klinka inn doblinga.

Asker var farleg frampå like etterpå, men Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland blei lite prøvd gjennom 90 minutt.

I det 37. minutt kom 3–0. Nok ein gong var det midtbaneelegant Erik Sandal som stod for scoringa, og nok ein gong var det langskot. Frå 20 meter banka han ballen i vinkelen til stormande jubel.

Det resultatet stod seg til pause.

Total dominans

I andre omgang starta Asker offensivt, men Hødd tok raskt kontrollen på kampen igjen.

I det 53 minutt blei Espen Standal felt like utanfor 16-meteren for Hødd, og dommaren dømte frispark.

Både Sandal og Pål André Helland gjorde seg klare, før sistnemnde banka til. Ballen gjekk i mål, og Hødd var oppe i 4–0.

Ikkje lenge etter kom 5–0. Denne gongen kom Standal seg gjennom utan å bli felt, før spissen frå Ørsta enkelt scora.

6-0 og 7-0 kom ved Helland og innbytar Christian Mork.

Det blei også sluttresultatet, og no er Hødd i kvartfinalen av NM - for første gong sidan 1995.