Hopp til innhold

Dei gjer alt dei kan for å bli lik japanske teikneseriefigurar

Med rosa parykkar og lange strømper, prøver tenåringsjentene å likne på japanske teikneseriefigurar. Det er den nye trenden i Noreg.

Cosplay

Å kle seg ut som japanske teikneseriefigurar har blitt ein ny trend.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Cosplay

Tuva Elise Kvalheim Brunvær, Julianne Reite Jacobsen og Ylva Mari Ørnhaug ser på japanske teikneseriar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På badet heime hos Tuva Elise Kvalheim Brunvær (14) i Ålesund står tre venninner framfor spegelen og fiksar parykkane sine. Jentene driv med cosplay, det betyr at dei kler seg ut som sine favorittkarakterane frå japanske teikneseriar.

– Nokre av karakterane er veldig krevjande og då kan vi bruke mange timar på å sminke oss, forklarer Tuva, medan ho har eit tjukt lag med voks i parykken på venninna Ylva Mari Ørnhaug.

Populære teikneseriar

Cosplay

Julianne Reite Jacobsen går inn i rolla som sin karakter Misa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I Japan er teikneseriar og animasjon svært populært, både blant born og vaksne. Mange kler seg ut som sine heltar og gjer alt dei kan for å likne rollefiguren. Cosplay er ei forkorting av orda costume (kostyme) og play (skodespel).

Rosa hår

Trenden har spreidd seg til Noreg og mange tenåringsjenter driv med det same som Tuva og hennar venninner. Tuva såg andre som kledde seg ut og fekk lyst å prøve sjølv.

– Det er gøy og vi likar veldig godt Japan og alt som har med teikneseriar å gjere, fortel Tuva.

Sjølv spelar ho Sakura frå ein serie som heiter Naruto. Det rosa håret og tilbehøyret har ho kjøpt på internett. Men sidan ho ikkje alltid har det som skal til for å verte ein

Sakuro Haruno

Sakuro Haruno

Foto: Masashi Kishimoto
Cosplay

Tuva Elise Kvalheim Brunvær kler seg ut som Sakura.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

tro kopi av karakteren, må ho ofte improvisere.

Trur vi er gal

Venninna Julianne Reite Jacobsen har tyllskjørt, lange strømper og gul parykk. Ho fatta interesse for cosplay etter at ho såg ein video med andre som hadde kledd seg ut.

– Folk trur vi er heilt gal, ler ho. Spesielt er det fedrane til jentene som ikkje heilt forstår kva dei driv med.

Hobby

Sjølv ser dei på skodespelet og utkledninga som ein hobby.

– Enkelte er interessert i fotball, andre i å kle seg ut, seier Tuva.

Ho og Julianne har vore i Oslo på ei stor samling saman med andre som likar å kle seg ut. Det var stort for tenåringane

– Fleire og fleire veit kva det handlar om og synest ikkje det er så rart at vi går slik, meiner Tuva. I Oslo følte jentene at dei høyrde til ein stor familie, fordi dei traff så mange andre som driv med det same.

Så langt held jentene seg heime på rommet og går ikkje utkledd blant folk heime i Ålesund.