Hopp til innhold

Slik får Dagros pedikyr til sommeren

Dagros gjer seg klar til ein ny dag i sommarenga. Då må klauvene stellast. Dette gjer ho på velveresalongen som er blitt siste mote i kuverda.

Du veit kanskje ikke kva ei klauvskjeremaskin er ? Den skal sørge for betre dyrevelferd i fylket . Maskina handterer kyrne medan operatøren driv klauvpedikyr med vinkelslipar.

Slik får Dagros pedikyr i dag. Hun dras inn i metallstativet, heises på plass, og en klype vipper beinet i riktig stilling.

Det er ikkje særleg lett for Dagros sjølv å halde klauvene reine. Dei blir lett tilgrisa av både møkk og småstein. Traving i ulendt terreng kan også gjere klauvene flisete og ujamne. I alle år har bonden hjelpt til med dette. Og no blir alt så mykje lettare.

Geir Inge Almål

Klauvskjærar Geir Inge Almås.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det ser kanskje litt brutalt ut. Men det er det ikkje. Kua kjenner ingenting når vi set i gang. Dette er omtrent som å klippe neglar på eit menneske, seier klauvskjærar Geir Inge Almås i Landbruk Nordvest

– Klauvhelsa skal bli betre

Klauvskjering har tradisjonelt vore utført med klubbe og kniv, og dei som skar klauvene var sjølvlærte. Frå rundt 1970 vart det meir og meir vanleg å bruke vinkelslipar.

Dei siste åra har det blitt stadig meir vanleg med forskjellige innretningar som hjelper klauvskjæraren med å halde kua og beina til kua på plass, slik at klauvskjæraren kan konsentrere seg om å bruke vinkelsliparen. Her blir kua dregen inn i ein stor metallkonstruksjon, med ei form for klype som legg beinet godt til rette, slik at klauvskjæraren kan utføre arbeidet sitt.

Vi vonar at klauvhelsa skal bli betre når vi reiser rundt med denne innretninga. Det er så opp og ned med klauvhelsa til norske kyr, seier Almås.

– Større fare for sjukdomar

Ifølgje Helsetenesta for storfe har risikoen for klauvsjukdomar auka i Noreg. Det er større flyt mellom besetningane, grensene er opna og det er meir import av levande dyr. Kyr i lausdrift har også større risiko for klauvlidingar enn kyr som står på bås, hevdar Helsetenesta for storfe.

Arne Hatle

Bonde Arne Hatle.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dersom vi ikkje steller klauvene kan kyrne lett byrje å halte og dei kan få andre sjukdomar, seier bonde Arne Hatle.

Det er ikkje berre dyrevelferden som aukar når ein tek i bruk moderne innretningar for klauvskjering. Også mannen som behandlar klauvene får betre arbeidsvilkår.

Kua kjem høgare opp, så eg slepp å bøye meg så mykje. Minuset er at magen min får mindre trim, skrattar klauvskjærar Geir Inge Almås.

– Som stein i skoa

Men først og fremst handlar det om å gjere kvardagen for kyrne betre. Klauvene veks, og det kan lett utvikle seg ein slags dobbeltsåle om Dagros ikkje får litt pedikyr innimellom.

– Dersom vi ikkje gjer dette, blir det nesten som å gå rundt med stein i skoa. Når vi steller klauvene får kua det mykje betre, forklarar Almås.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL