Hopp til innhold

Streiken er i ferd med å bli trappa opp

Både Ålesund. Molde og Kristiansund kommune stadfester at streiken er i ferd med å bli trappa opp. Opptrappinga kan bli sett i verk frå tysdag 29. mai, dersom det ikkje blir ei snarleg løysing mellom partane.

Streikevakter Molde

Streikande i Fellesorganisasjonen frå venstre Gro Anita Valle, Margarita Urtegård, og hovedtillitsvalg Ann Merethe Ræstad Karlsen

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kommunane er no i ferd med å skaffe seg oversyn over kva som blir følgjene om opptrappinga blir sett i verk.

Mette Holand

Mette Holand er Personal- og organisasjonssjef i Molde kommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Førebels manglar vi oversyn over kva følgjer opptrappinga fører til, seier personal- og organisasjonssjef Mette Holand i Molde kommune.

Molde kommune mottok torsdag ettermiddag varsel om at assistentar og fagarbeidarar i barnehagar, skular og SFO kan bli tekne ut i streik frå tysdag 29. mai.

I tillegg kan merkantilt personell, reinhaldarar, vaktmeistrar og teknikarar som er organiserte i Faforbundet bli tekne ut.

Til saman handlar i det i Molde og 200 tilsette. Desse kjem i tillegg til dei 162 som er tekne ut i streik allereie.

Opptrapping også andre stader

NRK har fått stadfesta at det er varsla opptrapping i Kristiansund. Der kjem til saman 175 tilsette til å vere i streik om opptrappinga blir sett i verk.

Torsdag kveld kom stadfestina om at 76 tilsette også blir tekne ut i samband med ei eventuell opptrapping av streiken i Ålesund. 75 av desse er organiserte i Fagforbundet, medan ein er organisert i Musikernes fellesorganisasjon.

Følgjer frå første dag

Alt frå første streikedag merkar publikum følgjene av streiken. Men førebels har det ikkje vore registrert situasjonar der liv og helse har vore i fare på grunn av streiken.
For å unngå at liv og helse blir sett i fare, søkjer kommunane om dispensasjon frå streiken. Dette har skjedd både i Kristiansund, Ålesund og i Molde.

– Tragisk for nyutdanna

Dei streikande har så langt innvilga søknadene om dispensasjon i Ålesund og Kristiansund. Dei streikande held fast på at krava må innfriast, for å sikre viktig rekruttering av kommunalt tilsette.

Streik Molde

Anne Mari Mordal hovudtillitsvald i Fagforbundet og streikeleiar i Molde (t.v.) og Linn Hagen (i streikevaktvest)

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi snakkar om ein skrikande mangel på helsefagarbeidarar. Vi kan på landsplan kome til å mangle opp i 30-40.000 arbeidstakarar i helsesektoren. Det er tragisk for unge nyutdanna som berre får tilbod om små deltidsstillingar, seier hovudtillitsvald i Fagforbundet og streikeleiar i Molde, Anne Mari Mordal.

– Men er lønn det rette å krangle på akkurat no?

Alle tenkjer vel på at dei har det verre i andre land i Europa. Det gjer også vi. Men det handlar ikkje berre om løn. Men vi vil ha ei løn som gjer det attraktivt å jobbe i kommunen. Vi streikar på begynnarløna, seier Mordal.

– Blir ganske fortvila

Leiinga i Molde kommune følgjer situasjonen tett. Kommunen har ansvar for at innbyggjarane får dei tenestene dei skal ha. Situasjonen er til å leve med no. Men kommunen fryktar ein situasjon som kan gå ut over liv og helse.

– Ja, eg blir ganske fortvila. Her i kommunen er 162 tilsette tekne ut i streik. Dette råkar oss kraftig, seier Personal- og organisasjonssjef i Molde kommune, Mette Holand.

– Forsvarleg drift

Førebels er situasjonen under kontroll. Mange kommunale tenester er sett på vent under streiken. Førebels har kommunen konkludert med at tenestene er forsvarlege i forhold til liv og helse.

– I dag held vi oversyn med kva følgjer streiken har. I dag er det forsvarleg drift i alle tenestene overfor publikum. Men vi må søkje om nokre dispensasjonar. For dersom streiken varer nokre dagar, kjem vi ikkje til å ha forsvarleg drift dersom denne mengda med tilsette framleis er i streik, seier Holand.

– Følgjer godt med

Det er i helsesektoren situasjonen kan bli mest prekær. Kommunen følgjer godt med, og kjem til å søkje om dispensasjonar frå streiken om det blir behov for det.

– Det er vårt ansvar og vår plikt å sjå til at det ikkje går ut over liv og helse. Det kan for eksempel gjelde utdeling av medisinar, vi har tenestene på NAV, og vi held sjølvsagt eit auge med barnevernet, seier personalsjefen.

– Graset får gro

Også andre sektorar er tekne ut i streik. Men i stor grad gjeld dette oppgåver som kan vente nokre dagar. Dei som er tekne ut i brannvesenet arbeider til dømes ikkje direkte i sløkkj-oppgåver.

– I brannvesenet er det to feiarar som er tekne ut. Der skal vi vere oppe og gå med dei viktigaste tenestene overfor publikum. Men bydrifta er kraftig råka. Graset veks fort i varmen. Også reinhaldstenesta er utsett, seier Holand.