Bøndene var påpasselege med å sleppe fram trafikken som ville forbi. For traktorane snegla seg i bedageleg tempo, først på vegen mellom Sæbø og Ørsta, og deretter til Volda.
– Eg er utruleg stolt over måten vi har gjennomført denne aksjonen på. Det var litt telefonering i går, og så møter heile gjengen opp, seier aksjonsleiar Knut Hustad til NRK.
- Les også:
– Færre gardsbruk kvar dag
Bøndene overleverte eit opprop til ordføraren i Volda. Hustad seier dette var ei symbolsk handling, og at landbruksforhandlingane sjølvsagt har gått føre seg på sentralt hald.
– Nei, ordføraren i Volda høyrer til KrF. Dei sit ikkje i regjering, og dei har fått splitta Senterpartiet. Den noverande regjeringa burde ha vore den beste. Men vi ser resultatet, og det blir færre og færre bønder kvar einaste dag, seier Hustad.
– Men det har vore sagt at tilbodet var kanskje det beste som har vore lagt fram nokon gong?
– Ja, både Navarsete og Brekk har vel angra litt på den utsegna. Om dei ikkje akkurat fossror, så skvett det vatn kring dei. Seinare har det vore sagt at vi må spare i nedgangstider. Men bøndene kan ikkje ta all innsparing kvart einaste år, seier Hustad.
- Les også:
- Les også:
– Kan ikkje ha dårlegare utvikling
Knut Hustad åtvarar mot at bøndene skal få svekt økonomien. Mange bønde klarer seg fordi dei skaffar seg inntekter utanfor landbruket, seier han.
– Nokre klarer seg også fordi dei er med i samdrifter. Men sjå på samfunnet vårt, sjå på bygdene, ikkje minst ute på øyane. Der er knapt noko gardsbruk att, seier bondeaksjonisten.
– Kva må til for at de skal bli nøgde?
– Vi treng nok ikkje å få dekt heile inntektsgapet i forhold til andre næringar. Men vi kan ikkje ha dårlegare inntektsutvikling enn andre. Då går det berre ein veg: Det blir færre og færre bønder, seier Hustad til NRK.