- Det har vore nyttig for meg å vere sjuk

I fjor haust fekk ordførar i Haram, Bjørn Sandnes, kreft.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRKI oktober i fjor fekk ordførar i Haram på Sunnmøre, Bjørn Sandnes, hjernesvulst med spreiing til tarmane. Han meiner at det er nyttig at han og andre politikarar opplever sjukdom.
Publisert 27.04.2012 07:06.
- Skriv ut

Bjørn Sandnes helsar på møtedeltakar Anne Mette Liavaag.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRKDet er haust på Sunnmøre og ordførar Bjørn Sandnes går på ein av sine tre vekentlege fjellturar før jobb, saman med ein vennegjeng. Plutseleg ramlar han og har vanskar med å kome seg på beina att. Han forstår at noko må vere gale og kontaktar legen så snart han er nede frå fjellet. Legen sender han vidare til MR.
Kom som eit sjokk
– Bileta viste ein svulst på hjernen og det kom jo som eit sjokk, fortel Bjørn Sandnes. Det vert gjort fleire undersøkingar, og i løpet av nokre dagar får ordføraren i industrikommunen Haram diagnosen kreft med spreiing til tarmane.
LES OGSÅ:
To operasjonar

Bjørn Sandnes er no tilbake i halv jobb som ordførar. Her saman med Jan Kåre Aurdal.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRKFem månader etterpå, har han vore gjennom to operasjonar i hjernen og cellegiftbehandling i tarmane. Den spreke 62-åringen har gått ned 20 kilo og delar av håret er borte.
– Eg har vore ved godt mot heile tida, sjølv om det har blitt nokre sjukehusopphald, seier Sandnes.
I februar og mars var han på St. Olavs hospital i Trondheim og opererte hjernen. Det gjekk mykje fortare enn han hadde trudd. Han vart operert på føremiddag og vekt nokre timar etterpå. To dagar seinare sto han med kofferten i handa og tok rutefly heim.
Cellegift
Kvar 14. dag har han fått cellegift på kreftavdelinga i Ålesund.
– Ein skulle tru det er dystert der vi sit 10 personar på rekke og får cellegift, men det er ei god og humoristisk stemning, seier Bjørn Sandnes. Han har vorte kjent med mange dei siste månadene. Ikkje alle har overlevd sjukdomen.
Open om sjukdomen
Ordføraren i Haram har valt å vere open om kreftsjukdomen og skreiv om det blant anna på Facebook berre få dagar etter at han fekk diagnosen.Han ville unngå at alle stoppa han på gata for å spør same spørsmåla, og tenkte difor det var betre å gå ut offentleg. Ein annan grunn til at han er open om sjukdomen, er at han vil ha meir fokus på kreft, fordi sjukdomen rammar så mange.
-Ei stund såg det ut som ein blomebutikk heime i stova. Det er fantastisk korleis eg har blitt møtt av folk, seier Bjørn Sandnes.
Kona passar på
Fem tøffe månader er tilbakelagt, men no er han tilbake i halv stilling i ordførarjobben.
Vi treff 62-åringen før han skal i eit møte med andre politikarar i Ålesund. Overfor dei er han også open om kreftsjukdomen, og spøkar om kor streng kona er.
– Ho passar på at eg har på meg nok klede, at eg et nok og at eg kviler nok. I dag er våren her og eg fekk dra på møte utan stillongs, humrar Sandnes og dei andre ordførarane og rådmennene ler med.
Kan ikkje kurerast
Men bak spøken ligg alvoret. Immunforsvaret er kraftig svekt og svulstane i tarmen kan ikkje opererast bort. Ordføraren får difor livsforlengjande behandling. Sjukdomen kan haldast i sjakk i alt frå to til tjue år. Men redd for framtida er han ikkje.
-Eg har ikkje brukt tid på å tenkje på noko anna alternativ enn ein god utgang. Eg ser jo ei sky langt der borte, men vel å fokusere på moglegheitene eg har, seier Sandnes.

Det har vore ei ny erfaring å sjå helsevesentet frå innsida.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRKNyttig erfaring
Som politikar har han ofte handsama helsesaker og no har han fått personlege erfaringar med å vere sjuk.
– Det er nyttig at også politikarar vert sjuke og får sjå korleis systemet verkar, seier Sandnes.
Få dagar før han sjølv fekk diagnosen, var han på eit orienteringsmøte med Helse Sunnmøre. Helseføretaket skulle spare millionar av kroner og legge ned fleire helsetilbod. Sinte ordførar gjekk på talarstolen og kjempa for tilbodet i sin heimkommune. Bjørn Sandnes gjekk også fram og heldt eit innlegg.
– Eg sa at det viktigaste er at pasientane har det beste tilbodet. Det hjelp ikkje å ha tilbod på mange stader, dersom ikkje desse er bra nok. Politikarane har berre ei pengekasse å ta av, seier høgremannen.
Lokalsjukehus
Dette synet har forsterka seg etter at han sjølv fekk kjenne alvoret på kroppen.
– Eg reiser gladeleg 40 mil til Trondheim eller andre stader, dersom dei har den beste kunnskapen, seier Sandnes. I Møre og Romsdal har striden gått på om ein skal ha fire lokalsjukehus. Sandnes trur ikkje at ein klarer å bygge god nok kompetanse på alle små sjukehus, og slik vil han heller ikkje ha det.
-Når du er alvorleg sjuk, vil du ha den aller beste behandlinga. Då spelar det lita rolle om du må reise ein time lengre, seier Sandnes.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
Ødeleggelsene etter tornadoen i Oklahoma
- Opptøyer i Stockholm
- Tidligere idrettsutøver voldsdømt
- To uker fengsel for drapsiktelse
- – Liket kan ha blitt fraktet langt
- Rumener siktet for drap i Skien
- –Arbeidsdagen i dag blir spesiell
- Frps ti krav overfor Høyre
- Har funnet det siste vitnet
- Får eksperthjelp før eksamen
Siste frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Siste fra Ytring
- Fotball og fordømmelse
- Det er ikke mer politi vi trenger
- Den kinesiske drømmen
- Vernar vi Noreg i hel?
- Ja til EU
- Slitsom kvalitetstid
- Bygd, by og Øygard-saka
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Ny behandling av kreft i Noreg?
- Statoils penger i skitne hender?
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom

Bading 17. mai i Volda







Jaktlag skal ut i natt
Størmer Steira påkjørt av bil
