Hopp til innhold

Slik får dei følgje rettssaka

Når rettssaka etter terroren i Regjeringskvartalet og på Utøya tek til måndag er det ikkje alle som får følgje saka i Oslo tingrett. I 17 rettslokale over heile landet får involverte, pårørande og bistandsadvokatar følgje saka på storskjermar.

Overføringsdomstol Ålesund

Sunnmøre tingrett har teke i bruk den store Lagmannsrettssalen i Ålesund. 70 personar får følgje rettssaka i denne salen.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er eit omfattande apparat som blir sett i sving når rettssaka mot Anders Behring Breivik blir sett i gang måndag. Opp til 2500 personar har lovmessig rett til å følgje saka. I tillegg ønskjer 750 førehandspåmelde mediefolk frå om lag 200 norske og utanlandske medieinstitusjonar å følgje saka.

Overføring til storskjermar

Sjølv om ein heil etasje i Oslo tinghus skal brukast i samband med rettssaka, blir dette for lite. I 10 veker kan fornærma, etterlatne med familiemedlemer, bistandsadvokatar, verger, ledsagarar og helsepersonell følgje saka frå 17 tinghus over heile landet.

Kjetil Hagen

Kjetil Hagen er rådgjevar ved Sunnmøre tingrett.

Foto: Terje Reite / NRK

Overføringsdomstol Ålesund

I rettssalen er det sett av eigne plassar til helsepersonell.

Foto: Terje Reite / NRK
Overføringsdomstol Ålesund

Bistandsadvokatane får plass ved borda der partane i rettssakene vanlegvis sit.

Foto: Terje Reite / NRK
– Her har vi sett opp to storskjermar. Begge kjem i hovudsak til å vise bilete frå rettssalen i Oslo tinghus. Men på den eine skjermen blir det også vist fram bevismateriale og filmsnuttar, fortel rådgjevar ved Sunnmøre tingrett, Kjetil Hagen
.

Eit skjerma område

Sunnmøre tingrett er ein av tingrettane i Noreg som skal overføre rettssaka. Der er det plass til 70 personar, i den største av rettssalane. Dommarstolane er fjerna. Elles er salen langt på veg rigga som under ei vanleg straffesak. Det er sett av arbeidsplassar til 5 bistandsavokatar, til helsepersonell og til støttegruppa. Det er også sett inn fleire stolar enn vanleg, for å få plass til alle som har fått inngangsbillett.

– Sjølve rettssalen blir eit skjerma område, og det skal ligge rimeleg godt til rette for at dei som har fått plass her skal få kome til og frå utan å bli forstyrra av nokon. Heller ikkje pressa har tilgang her, dei får heller ikkje filme og ta bilete her mens folk kjem om morgonen og går om ettermiddagen, seier Hagen.

Nye tekniske løysingar

Det er NRK som har fått ansvaret for sendingane som går frå Oslo tinghus til dei 17 overføringsdomstolane. Sendinga blir ei streamingløysing i HD-kvalitet. Det er bygd eit eige fibernett som skal brukast spesielt til denne sendinga. Og alle dei 17 overføringsdomstolane har fått nytt datautstyr og visningsutstyr.

– Mykje av dette utstyret blir ståande att og blir ein verdi for tingrettane. Mellom anna får Sunnmøre tingrett styrka linjenettet sitt for bruk inn i framtida, seier Hagen.

– Det er vel dei siste års teknologiske utvikling som gjer det mogleg å gjennomføre rettssaka på denne måten?

– Ja, det at dette skjer i 2012 gjer at avviklinga kan skje på måtar som var umogleg for berre få år sidan, seier Hagen.

– Førebudde på spesielle situasjonar

I salen blir det helsepersonell under heile forhandlingane. Dette er eit kommunalt ansvar. I tillegg vil også politiet vere i nærleiken, og har eit eige opplegg for tryggleiken. Rettssaka vil vere ein periode som vil vere svært vanskeleg for mange. Men tingrettane har budd seg på det som måtte kome.

Vi er budde på forskjellige situasjonar. Her er helsepersonell til stades, tryggleiken er teken vare på, og salen er skjerma så godt som mogleg, seier Hagen.

Overføringsdomstol Kristiansund

Det er valt litt forskjellige løysingar når det gjeld visninga av sendingane i dei ulike overføringsdomstolane. Dette er frå Kristiansund.

Foto: Ken Robert Haltvik / NRK