Hopp til innhold

Forskar på korleis laks vert smitta

Laksenæringa taper milliardar på sjuk fisk. No vil forskarar i Ålesund finne ut kvifor virus på oppdrettslaks spreier seg.

Forskar på laksesjukdom

Forskarar i Ålesund skal finne svar på korleis laksevirus spreier seg.

Foto: Camilla Mikalsen / Møreforsking

Forsking på laksesjukdom

Gjennom testar i laboratorium skal ein finne ut om virus frå laksen har blitt overført til skjel og rur.

Foto: Camilla Mikalsen / Møreforsking
Groe på not

Kan det vere virus på nota?

Foto: Audny Hellebø / Møreforsking
Biolog undersøker oppdrettslaks

Laksenæringa taper store pengar på laks som vert sjuk.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Oppdrettsnæringa taper enorme summar på sjuk fisk. Når fisken vert smitta døyr han og må brukast til dyrefor.

No vil forskarar i Ålesund finne ut kvifor virus på oppdrettslaks spreier seg.

– Der er ein del faktorar vi ikkje skjønar når det gjeld spreiing mellom anlegg. Vi lurer på om viruset frå laksen kan ha blitt overført til skjel og rur og dermed kan smitte ny fisk som vert sett ut, seier førsteamanuensis ved Høgskulen i Ålesund, Anne Stene.

LES OGSÅ:

Fisken døyr

Det er viruset Pancreas Disease, PD, dei ser på. Dette er ein sjukdom som kan gi høg dødelegheit.

-Sjukdomen kostar næringa mykje. I tillegg til at mykje av fisken døyr, er det også eit velferdsproblem for fisken, seier Stene.

Studerer småkryp

Det forskarane veit til no er at viruset ikkje smittar mellom foreldre og avkom. Havstraumar er ein sterk kandidat for spreiing av viruset, men dei held alle moglegheiter opne og er no i gong med å studere alt av småkryp.

– Vi veit at ein del flatfisk moglegens kan vere berar. No sjekkar vi alt av organismar på utstyr, i sjø, i botnsediment og plankton, seier Vidar Aspehaug. Han er dagleg leiar i gründerbedrifta Patogen, som også er med i prosjektet.

Kanskje må vi til og med sjå på korleis vinden påverkar overflatefilmen, seier Aspehaug.

Viktig for næringa

Forskingsfondet til Fiskeri- og havbruksnæringa har løyvd to millionar kroner til prosjektet, der Møreforsking og Høgskulen i Ålesund er med. Møreforsking Marin leiar prosjektet der resultata av forskinga vil få stor betydning for oppdrettsnæringa. Dei treng å vite kva som er riktig behandling når fisken er smitta.

– Det er viktig å vite at krava som vert stilt i forhold til desinfeksjon er rett. Det er dumt å bruke kjemikaliar som strengt talt ikkje er nødvendig. seier Aspehaug.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL