Hopp til innhold

– Dette vil gjere arbeidet lettare

Kellys håp, ei gruppe frivillige i Ålesundsområdet som tar seg av hundar på rømmen, jublar etter å ha fått ein hundeskanner i gåve. – Dette vil gjere arbeidet med å finne eigarane mykje lettare, seier leiar Wenche Ystenes.

Kellys håp

GÅVE: Wenche Ystenes, leiar av Kellys håp, skannar hunden med det nye hjelpemiddelet. Maja Mona Ystenes, også leiar av Kellys håp, held hunden.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Det er Ålesund dyreklinikk som har gitt dei verktøyet som les av mikrochipen på hunden.

Frivillig

Ollie

BORTE: Ollie har eit brunt og eit blått auge. Han har vore borte sidan 2. juledag.

Foto: Privat

Det siste året har ei gruppe frivillige i Ålesundsområdet leita etter hundar på rømmen. Døgnet rundt har organisasjonen Kellys håp troppa opp for å hjelpe fortvila hundeeigarar.

Dette er altså blitt lagt merke til, og gåva dyrevenene har fått vil gjere det lettare å finne hundeeigaren når ein hund på rømmen dukkar opp.

Camilla Orten er ei av dei som treng hjelp frå Kellys håp. 2. juledag forsvann Border Collien, Ollie.

– Han var rett utanfor huset her. Og så forsvann han til skogs. Han har rømt før, men denne gangen kom han dessverre ikkje tilbake igjen, fortel Orten.

Hunden er framleis på rømmen, men er observert fleire stader på Sunnmøre.

Camilla Orten

VENTAR: Camilla Orten med si 1 måned gamle dotter ventar på at Ollie skal kome heim.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Ikkje unikt

Historia til Camilla Orten er ikkje unik. Det merkar dei i Kellys håp. Dei får telefonar om lause hundar som ingen veit kven som eig.

– Scanneren ser ut som ei stor lupe. Den fører vi langs nakken på hunden, og ofte er dei chippa ei lite stykke ned på venstresida på nakken, fortel ein av leiarane i Kellys håp, Wenche Ystenes.

Det nye hjelpemiddelet vil det gjere det mykje lettare å spore opp eigarane.

– Veldig ofte når vi får inn hittehundar, så skjer det om kvelden. Då må vi ringe politiet eller tilkalle veterinær på akutt utrykking om kvelden. Det har vi ikkje råd til. Alternativet er å ha hunden til neste dag, og det betyr mange timar med uro for eigaren som ikkje finn hunden sin, forklarar Ystenes.

Leitegruppe

Leitegruppe

LEITAR: Majken Iren Dalelv Emblem (til venstre) leitar etter hunden Ollie saman med Ida Hustadnes.

Foto: Silje Thalberg / NRK

På Valle i Ørskog går Majken Iren Emblem dør til dør på leiting etter Ollie. Kellys håp har prøvd å finne hunden i snart tre månader.

– Vi har leita til skogs, over større område, sett opp feller, vore bilvakter, brukt kikkert og hengt opp plakatar, fortel Emblem.

– Kvifor brukar de tid på dette?

Eg fekk høyre om Kellys håp då min hund forsvann. Då ville eg vere med sjølv. Eg har kjent gleda ved at dei leita etter min hund, så då har eg lyst å hjelpe andre hundeeigarar, fortel ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL