Hopp til innhold

Dagros skal få meir mosjon og luft

Dei siste 15 åra har det vore krav om at kyr på bås skal ha minst åtte veker på utebeite om sommaren. Neste år kjem same kravet for kyr i opne fjøs. Men mange bønder fryktar at kravet kan bli både dyrt og vanskeleg å gjennomføre.

Lykkelig ku

UTE: Alle kyr skal vere ute minst åtte veker om sommaren, krev Mattilsynet.

Foto: Monika Mahle Aarset

Det seier nestleiar i Møre og Romsdal bondelag, Birgit Oline Kjerstad.

Les også:

– Ikkje nok mat

Ku på bås

PÅ BÅS: Alle kyr som står på bås skal vere ute minst 8 veker kvar sommar. No kjem det krav om at dei som står lause, også skal ut.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Kjerstad meiner det tvert i mot kan bli dårlegare dyrevelferd om alle kyr skal vere ute i åtte veker.

Birgit Oline Kjerstad

UTFORDRANDE: Birgit Oline Kjerstad i Møre og Romsdal bondelag seier det kan bli vanskeleg for nokre bønder å finne eigna bete til dyra.

– God dyrevelferd betyr nok mat, lys, luft og plass til å bevege seg. Dersom ein skal ha ein stor flokk med dyr ut på beite på eit lite område, så blir det ikkje nok mat. Sjølv om der er lys og luft, seier Kjerstad.

Ho meiner også det fins fleire vanskar om alle kyr skal vere ute i åtte veker.

– Klauvhelse er viktig, og det kan bli utfordrande når dei må beite i eit vått klima, legg ho til.

Les også:

Lita forståing

Dei fleste norske kyr er alt på utebeite i fleire veker om sommaren. Men hittil har fjøs med såkalla lausdrift vore fritatt frå kravet med frist til 1. januar 2013.

Bjørn Røthe Knudtsen

DET BESTE: Regiondirektøren i Mattilsynet, Bjørn Røthe Knudtsen, meiner alle kyr har godt av å komme seg ut.

Foto: NRK

Regiondirektøren i Mattilsynet i Trøndelag og Møre og Romsdal, Bjørn røthe Knudtsen har lita forståing for at dårleg klima og store moderne fjøs kan erstatte frisk luft og gras under klauvene.

– Eg kjenner ikkje til nokon som med handa på hjartet kan seie at det ikkje er godt for dyr å kome ut på utmarksbeite eller innmarksbeite, seier han.

Han meiner det er det absolutt beste for dyra å kome seg ut nokre veker kvar sommar. Og Birgit Oline Kjerstad i bondelaget trur dei fleste i næringa vil gjere alt for å få dette til.

– Men så er det nokre stader dette ikkje går, og då må dei søke om dispensasjon, seier ho.