Splitter ny sending måndag kl 14.03

Pål Kristian Lindseth og Berit Susanne Kjølås vert programleiarar i den nye ettermiddagssendinga.
Foto: Rune HagenMåndag er det klart for NRK Møre og Romsdal si nye ettermiddagssending.
Publisert 09.03.2012 14:48. Oppdatert 09.03.2012 15:03.
- Kommentarer
- Skriv ut
Ny ettermiddagssending og bortfall av formiddagssendinga er den aller største endringa i NRK P1 sidan 1994.
Frå måndag sender NRK Møre og Romdal frå klokka 14 til 17. Programleiarar for den nye ettermiddagssendinga er Berit Susanne Kjølås og Pål Kristian Lindseth.
- Les også: Siste dag for suksessprogram
Nytt tidspunkt
– Vi gler oss til måndag. Det blir spanande, for vi har aldri hatt sending i det tidsrommet før, seier Pål Kristian Lindseth.
Mange er på veg til eller frå noko i tida mellom 14 og 17, enten det er jobb, skule eller fritidstilbod.
Oppdatere lyttarane

Hallstein Vemøy
Foto: Terje Reite/NRK–Vi ønskjer å vere relevante og oppdatere lyttarane på det som skjer utover ettermiddagen i fylket, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy. Målet er at sendinga skal vere aktuell, allsidig og artig for lyttarane.
Mest populært
Distriktskontora får ei sendetid som er endå betre tilpassa nyhende, trafikk, lokal journalistikk og godt selskap.
– Distriktssendingane er NRK P1s mest populære program, fordi ingen andre radiokanalar kan vere der du er på same måte, seier kanalsjef Jon Branæs.
-Ring eller meld til oss
For dei to programleiarane, Berit Susanne Kjølås og Pål Kristian Lindseth, og resten av redaksjonen, har det dei siste vekene vore hektisk jobbing for å sy saman ei heilt ny sending.
Sendinga skal i tillegg til nyhende og trafikk, også innehalde kultur, nyttige forbrukartips, ver og musikk.
– Vi ynskjer at det skal vere lett for lyttarane å halde kontakt med oss. Anten det gjeld ver, temperaturar eller tema som vi tek opp. Eller rett og slett berre gode tips, seier Lindseth.
Betre kjent
Berit Susanne Kjølås trur også at lyttarane vil bli betre kjent med dei to. Tidlegare har det vore mange fleire som har delt programleiarjobben i ettermiddagssendinga. No vert dei berre to, og den nye sendinga gjer at dei vil bruke meir av seg sjølv.
Morgonsending som før
Morgonsendinga frå distriktskontora får du framleis frå klokka 06 til 09. Frå 12. mars er det Leiv-Erik Bondevik og Roar Halten som skal veksle på å ha morgonsendinga i NRK P1 i Møre og Romsdal.
Bondevik sender frå studio i Ålesund og Halten frå studio i Kristiansund.
Siste: Møre og Romsdal
- Fremmede fiskearter invaderer Norge
- Kreftkamp med folket i ryggen
- Trur lyngbrann blei tent på
- 4,5 nye millionar for Lindegaard
- Ulven kjem truleg frå Sør-Trøndelag
- Sunn mat skal gi eksamensresultat
- Såg ulv i Sunndal
- Innelåst på toalettet
- Uvanleg 17. mai-feiring i Rotterdam
- Bil med to hestar i fjellveggen
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
Avviser at mobilstråling er farlig - – Han var en bauta
- Storflom i Edland i Vinje
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
- Diesellekkasje fra båt i Trondheim
- Mann pågrepet med automatvåpen
- Pågrepet i væpnet aksjon i Skien
- Vurderer nedlegging av flere ruter
- Nekter islamist å være i Oslo i dag
Siste frå Møre og Romsdal
Fremmede fiskearter invaderer Norge - Kreftkamp med folket i ryggen
- Trur lyngbrann blei tent på
- 4,5 nye millionar for Lindegaard
- Ulven kjem truleg frå Sør-Trøndelag
- Sunn mat skal gi eksamensresultat
- Såg ulv i Sunndal
- Innelåst på toalettet
- Uvanleg 17. mai-feiring i Rotterdam
- Bil med to hestar i fjellveggen
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Siste fra Ytring
- Slitsom kvalitetstid
- Bygd, by og Øygard-saka
- Ja til EU
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Statoils penger i skitne hender?
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom
- En tysk skamplett
- Evaluer norsk innsats i Afghanistan
- Målstyringsregimet
- En god skole for alle elever
- Fra en spiseforstyrret dagbok

Bading 17. mai i Volda






Zuccarello-assist til liten nytte
