Rekordmange går på skredkurs

Kunnskap gjer deg trygg på tur om vinteren.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNTMargrete (16) er ei av dei som innser at ho treng meir kunnskap.
Publisert 19.02.2012 08:00.
- Skriv ut

Margrete går på bratte turar og vil gjere det tryggast mogleg.
Foto: Ida Amelie Helgesen
Silje Osland vart skremd på tur - no vil ho vera sikker på at ho har kunnskap til å vurdere skredfaren.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNT
Margrete elskar å gå topptur i bratt terreng.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNT
Lær deg korleis ulike snølag påverkar skredfaren.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNT
Skredutstyr kan redda livet ditt, men hjelp lite om du ikkje kan bruka det.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNT
På skredkurs lærer du òg kameratredning.
Foto: Ida Amelie Helgesen, DNTSjølv om mange har investert i skredsøkar, stang og spade, er det til lita hjelp dersom du ikkje kan bruke det.
Verste skredvinter
Etter førre sesong som var den verste snøskredvinteren på 25 år vil fleire og fleire på kurs.
- Skal du på tur i helga? Sjekk skredfaren der du bur.
- Dette skredutstyret trenger du
- Kan skredsekk redde livet ditt?
Skumle lydar i bratt terreng
Silje Osland meldte seg på kurs etter ein dårleg oppleving på tur.
– Eg og nokre vener gjekk frå hytte til hytte i Huldreheimen. Den eine dagen høyrte vi snøen dundra mellom fjellveggane, gong etter gong.
Ho kjende til uttrykket 30 grader, men visste ikkje korleis ho skulle måle det i praksis.
– Eg visste heller ikkje kva slags andre teikn eg skulle sjå etter. Det gjorde meg frykteleg redd, og då er det ikkje gøy å vere på tur, seier Silje Osland.
Etter kurset kjem ho til å endre turvanane sine om vinteren.
– Særleg når det kjem til terrengval. Det har vore utruleg nyttig kunnskap å ta med seg. Og best av alt er det å sitte med kunnskapen sjølv. Frå no av vil eg vere trygg på tur.
Elskar topptur!
– Eg er turleiar og skal ha med meg fleire ungdommar på tur framover. Luster er eit toppturparadis, men diverre er det òg ganske skredutsatt.
– Difor treng eg kunnskap til å vurdere om forholda er trygge eller ikkje, seier 16 år gamle Margrete Skårhaug Solvi.
Som ein ekte hardbarka sogning drog foreldra ho med på ski allereie før fødselen. Dei siste to åra har ho gått på toppturar, som inneberer ferdsel i bratt terreng.
– Eg gler meg til fleire turar i fjellet. Om ikkje lenge skal DNT ung gruppa i Luster dra på tur til Vangsen i Jostedalen og då skal eg bruke det eg har lært no i helga.
- Lær deg å vurdere skredfaren.
- Sjå her for skredvettreglar for deg som går på topptur.
Skredkurs = verktøykasse
Jostein Aasen er fjellførar i Norgesguidene og har gjennom åra vore instruktør på utallige skredkurs.
– Lite kunnskap kan gi store konsekvenser, og det trur eg folk byrjar å forstå.
– Eit skredkurs er som ei verktøykasse: Du får verktøya og lærer å bruke dei. Så er det eigen trening og erfaring som gjer deg til ein klok og trygg skikøyrar.
Dette lærer du på skredkurs
- Velge gode vegvalg.
- Vere kjend med 30 graders-omgrepet
- Forstå korleis vêret påverkar snøen
- Undersøke snølag
- Bruke skredsøkar og gjennomføre kameratredning
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Krakilsk mann truet NAV
- Lundteigen utfordres av sine egne
- Vil frata Klomsæt bevillingen
- Slik koser vi oss i mai-sommeren
- Sendes hjem fordi pleierne streiker
- Streiken: Eldre får ikke dusje
- Derfor hørte de ikke på Jens
- Mann alvorlig skadd i slagsmål
- – Dette er en forventningskrise
- Krangler om rundt 3 kroner dagen

Kronprinsparet på besøk i Geiranger




