Hopp til innhold

Kronprinsparet kjem

Kronprinsesse Mette-Marit og Kronprins Haakon kjem til Møre og Romsdal i mai.

Kronprinsparet på "Jul i Slottet"

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Møre og Romsdal i mai.

Foto: NRK

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Møre og Romsdal 24.-26. mai. Turen følgjer denne ruta:

  • 24. mai: Stranda og Hareid
  • 25. mai: Herøy og Haram
  • 26. mai: Molde og Rauma

Utsett på grunn av 22. juli

Besøket var først planlagt 19.-22. august i fjor, men blei utsett på grunn av 22. juli-hendingane. Den gongen var det mellom anna planlagt besøk ved Flydalsjuvet i Geiranger, Runde Miljøsenter i Herøy og Kongebjørka i Molde. Kommunikasjonsrådgjevar Vidar Ryther Myklebust vil førebels ikkje gå i detalj om programmet:

- Programmet er ikkje spikra, men i utgangspunket blir det ingen store endringar i forhold til planane i august, seier Ryther Myklebust.

Les også:

Startar no planlegging

Fylkesmannen og kommunane startar no den endelege planlegginga av programmet.

- Vi har ein runde med alle ordførarane i dei aktuelle kommunane, for å gå gjennom programmet og justere det, seier kommunikasjonsrådgjevar Vidar Rythe Myklebust.

Les også:

  • Kronprinsparet vil møte mange
    Kronprinsparet på fjelltoppen Pika i Hedmark

    I det opphavlege programmet var det lagt inn ein fjelltur i Rauma. Det gjenstår å sjå om dette punktet blir ståande i mai.

    Foto: Åserud, Lise / SCANPIX