Hopp til innhold

– Tøft å bli dytta ut av fellesskapet

Ankesaka mot ein politiførstebetjent i Ålesund starta i lagmannsretten i dag. Mannen blei i tingretten dømt for å vald i tenesta, men han vart ikkje frådømt jobben.

Voldelig pågripelse

Bilde frå overvakingskameraet til politiet viser pågripinga som politimannen er dømt for.

Foto: Politiets overvåkningskamera

Politimannen vart dømt til tretti dagar fengsel på vilkår og bot på tjue tusen kroner for vald i tenesta, og tretti tusen kroner i oppreising til offeret.

Tingretten dømte også mannen til å betale sakskostnader på fem tusen kroner – men han vart altså ikkje frådømt retten til å halde fram som politi.

Les også:

– Tøft

Spesialeininga for politisaker anka denne avgjerda, og saka starta altså i Frostating lagmannsrett i dag.

Sunnmøre politidistrikt har på eige initiativ bestemt seg for å gi politiførstebetjenten sparken etter hendinga. Han vart suspendert i mars 2011.

– Det har vore tøft å vere suspendert. Eg fekk etter kvart ikkje lov til å kome innom arbeidsplassen, forklarte politimannen i lagmannsretten i dag.

– Det var tøft å bli dytta ut av eit fellesskap etter så mange år, sa han.

Les også:

Tok tak i nakken

Hendinga skjedde i Ålesund natt til 27. desember 2010. Ein ung mann hadde laga bråk på ein kiosk i sentrum. 24-åringen sette seg kraftig til motverje, og det oppsto eit basketak i kiosken.

Hendinga som politimannen er tiltalt for, skjedde på politihuset i Ålesund då mannen skulle på celle.

Politiførstebetjenten måtte bruke makt for å halde mannen under kontroll. Han tok tak i nakken til mannen. Då dette ikkje gav stor nok effekt, tok han også rundt mannens hals for å halde han fast.

Mannen var framleis uroleg, og politimannen slo dermed arrestanten i bakhovudet, før han på nytt tok grep i nakken og under haka.

Inne i cella vart 24-åringen lagt på magen på ei madrass, medan politimannen sette kneet på overkroppen hans.

Politimannen skal no ha vedgått at han hadde gått over streken, og var skamfull over måten han hadde reagert på.

Overarbeidd og sliten

I Sunnmøre tingrett forklarte mannen at han var overarbeidd, utbrent og sliten etter harde tak både heime og på jobb då dette skjedde.

Tingretten fann ikkje grunn til å frådømme mannen retten til å vere politi. Retten la vekt på at hendinga var enkeltståande, og at i andre saker der politifolk er frådømt stillinga si, har det vore gjentekne hendingar.

I formildande retning la dei også vekt på at mannen sa seg skuldig.

Det er sett av to dagar til saka i Frostating lagmannsrett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL