18.05.2013

Stadig meir populær

NRK, Marienlyst (Foto: Håkon Mosvold Larsen, Scanpix)

Tilboda frå NRK Møre og Romsdal på radio, tv og nett blir stadig meir populære. Dei lokale sendingane fekk både fleire sjåarar og lyttarar i 2011.

Over 90 000 menneske i Møre og Romsdal får med seg ei eller fleire radiosendingar frå NRK Møre og Romsdal kvar dag. Det viser tal NRK Analyse har henta frå TNS Gallup sine publikumsmålingar. Det er prosentvis noko høgare oppslutning i Romsdal og Nordmøre enn på Sunnmøre.

I forhold til oppslutninga i 2010 har NRK Møre og Romsdal fått over 2000 fleire radiolyttarar. Det er morgon- og ettermiddagssendinga som står for veksten.

Fjernsyn

Distriktsredaktør Hallstein Vemøy (Foto: Terje Reite/NRK)

Også fjernsynssjåarane har blitt fleire, seier distriktsredaktør Hallstein Vemøy.

Foto: Terje Reite/NRK

Tilbodet på NRK1 klokka 1840 og 2055 kvardagar er også populært i Møre og Romsdal og har fått fleire sjåarar siste året.

– Vi har gått opp frå vel 28 til 32 prosent. I desse målingane er ein prosent om lag 2000 menneske så auken er svært god, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy.

Han meiner oppslutninga viser at folk ønskjer eit godt nyheits- og aktualitetstilbod frå regionen og at NRK har ein solid posisjon blant publikum.

Internett

NRK Møre og Romsdal har hatt eit lokalt nyheitstilbod på Internett sidan 1999 men det er først siste åra at tilbodet har fått eit kraftig oppsving i besøket. I fjor var det igjennomsnitt rundt 85 000 unike brukarar i veka.

Der ingen skulle tru... (Foto: NRK)

Oddgeir Bruaset og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er svært populære.

Foto: NRK

Riksproduksjon

NRK Møre og Romsdal leverer dagleg nyheitssaker og aktualitetar til rikstilbodet frå NRK på radio, tv og nett. I tillegg produserer distriktskontoret fleire fjernsynsporgram og -seriar kvart år.

Den mest kjende er «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» som i periodar har hatt over ein million sjåarar.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

17. mai i Ålesund (Foto: Ivar Lid Riise/NRK)

Det har aldri før vært så varmt på en.17.mai som i år, hevder vær-statistisker Bernt Lie. På Bigsa i Ålesund viste Metereologisk institutt sin målestasjon 26,8 grader!!

Foto: Ivar Lid Riise/NRK

Rekordvarme på 17. mai


Ane Brun 1 (Foto: Jørgen W. Lyngvær/NRK)

Ane Brun måtte avlyse en turne med poplegenden Peter Gabriel da hun ble rammet av kronisk sykdom. Nå er Molde-artisten tilbake.

Foto: Jørgen W. Lyngvær/NRK

Ane Brun tilbake etter sykdom


Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet