23.02.2012

Fyll og bråk i natt

Fulle menn har prega natta til politiet. Dei fleste har tatt seg fram til fots, men truleg ikkje alle.

Natta starta gledeleg for politiet. Like før midnatt var det kontroll av sjåførar i Ålesund, og alle var edru. Klokka 01.30 kontollerte nordmørspolitiet ti bilistar i Rindal, og heller ikkje der var det nokon som blåste gult eller raudt. Dermed blei det null førarkortbeslag, og ingen som måtte kome seg heim til fots.

Mistenkt for promillekøyring

Men utpå morgonkvisten fekk politiet melding om at det var krangel og bråk på ein fest i Spjelkavik-området i Ålesund. Ein av mennene på festen blei pågripen av politiet og sikta for promillekøyring og for å ha slått til ein annan mann.

Fleire i fyllearresten

Men det var fleire andre som fekk for mykje å drikke natt til søndag, og som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv.

  • Klokka 01.27 har politiet treft ein mann i 30-åra i sentrum av Kristiansund. Han blei køyrt heim fordi han var full.
  • I nabobyen Molde blei ein mann samtidig, klokka 01.28, sett i fyllearresten etter å ha kome i klammeri med dørvaktene på ein utestad i byen.
  • Klokka 01.31 fekk politiet i Kristiansund melding om ein ny mann som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv, etter å ha fått for mykje å drikke på eit arrangement på Kirkelandet.
  • Klokka 02.35 måtte ein tenåring følgjast til fyllearresten i Molde, fordi han var så full at han måtte ha tilsyn.
  • Klokka 03.03 blei politiet klar over at ein mann i 50-åra hadde tatt tilhald i vegkanten, og han blei køyrt heim.

Til sjukehus for sjekk

Ein mann i 20-åra var så overstadig rusa at han ikkje klarte å ta vare på seg sjølv i Kristiansund. I 03-tida natt til søndag blei han difor sendt til sjukehus for sjekk. Fleire andre blei også skadde i løpet av natta, men utan å bli sende til lege.

Kutt over auge

Ein mann i 20-åra melde natt til søndag at han hadde blitt slått med ei flaske i hovudet, inne på ein utestad i Volda. Politiet stadfestar at han har fått eit kutt over eit auge, men er usikre på korleis skaden har oppstått. I Ålesund vil ein tenåring melde ein annan til politiet for å ha blitt slått i ansiktet på ein fest i Indre bydel.

Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet