Stopp i utkøyring av mat til eldre

Gunvor Strømme (88) får ikkje lengert levert middagen på døra
Foto: Alf-Jørgen Tyssing/NRKUtkøyring av mat til eldre kostar ikkje mykje, men i Sykkylven kuttar kommunen tilbodet likevel, for å spare småpengar.
Publisert 27.01.2012 19:24.
- Skriv ut
Heimetenesta i Sykkylven leverer middagsmat til 88 år gamle Gunvor Strømme. Gunvor har hatt glede av å få maten levert på døra, men i dag var siste dagen.
- Eg kan ikkje gå ut og handle sjølv lenger. Det vil seie, eg kan det dersom nokon er med meg, men eg vil ikkje laste nokon med det, for eg får hjelp til så mykje anna, seier 88-åringen.
VIDEO: Heimetenesta har køyrt ut ferdiglaga middag som berre trengs å varmast i mikroen. Men no er det slutt på tilbodet for eldre i Sykkylven kommune.
- Trist at vi må skjere ned
På kjøkkenet i omsorgssenteret held dei fram med å lage mat, men heretter må dei som vil kjøpe, hente maten sjølve. Heimetenestene måtte kutte ein halv million kroner i budsjettet for 2012 og stansar utkøyringa.
- Det er trist at vi må skjere ned, seier Solfrid Hammernes Utgård, som er einingsleiar i Heimetenestene i Sykkylven.
- Det er ikkje store summar, men budsjetta vore har vorte så stramme at det fører til at det går ut over brukarane.
- Dette er det siste vi kuttar
I Giske kommune gjer dei det annleis. Der erfarer dei at middagstilbodet sparar sjukeheimsplassar.
- Dette tilbodet er svært viktig, seier kokk Anita Bjørke, som serverer karbonade med løk, poteter og grønsaker i dag.
Ho arbeider med å lage mat til alle institusjonene i Giske kommune. Men i tillegg får omkring 30 heimebuande eldre sikra godt kosthald med varm middag på døra opptil sju dagar i veka.
- Om dei eldre ikkje hadde hatt dette tilbodet, er det ikkje sikkert dei hadde ete middag, seier ho.
VIDEO: I Giske kommune håper dei at tilbodet med bringing av mat til dei eldre er kome for å bli
Dei som får maten heim betaler 79 kroner for dag, medan frivillegheitssentralen i Giske kommune gjer leveringa gratis.
Giske kommune betaler driftsutgiftene for utkøyringa, og satsar på at tilbodet er kome for å bli.
- Dette er så viktig for dei eldre at dette er noko av det siste vi vil kutte i dersom vi må kutte. Eg er sikker på vi sparer mange sjukeheimsplassar med denne tenesta, seier ordførar Knut Støbakk (KrF).
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
- Schjetne på ungdomslandslaget
- No startar kampen for nytt fengsel
- Rusførebyggjer i barnehage
- Fra babes til babyer for 120 days
- AaFK jaktar på nye spelarar
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Får ikke se Tore lese nyhetene
- Seksuelt utnytta av støttekontakt
- Nattestengte vegar
- 70 misser jobben i Kristiansund
Siste nytt innanriks
- Lippestad pappa for åttende gang
- – Det var et helvete for meg
- – Opposisjonen er på statsrådjakt
- Gikk til angrep mot politiet
- – Tilliten til mat i Norge svekkes
- Drammen tester felles nødnummer
- Omsorgsteknologien er over oss
- – Brevveksler med meningsfeller
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Mange vil unngå E18-bommene
VIDEO: I Giske kommune håper dei at tilbodet med bringing av mat til dei eldre er kome for å bli


Februar 7



