Til topps i Trondheim

Rune Nordmo, Maria Skaret, Vetle Wang Soleim, Lisa Blakstad Dahl og Magnus Smith saman med Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge (t.v.) og Anne M. Abelgaard, ansvarlig for Enovas barne og ungdomssatsing (t.h.)
Foto: Ungt EntreprenørskapFem glupe hovud frå Atlanten videregående skole i Kristiansund stakk i dag av med seieren i Gründercamp i Trondheim.
Publisert 27.01.2012 17:44.
- Skriv ut
- Det er ganske utruleg at vi gjekk heilt til topps, seier Vatle Wang Solheim til NRK etter å ha gått sigrande ut av konkurransen Gründercamp i Trondheim, saman med fire av sine medelevar frå Atlanten videregående skole i Kristiansund.
- Vi er innmari glade!
I Trondheim vart elevar frå vidaregåande skular frå heile landet presentert for eit oppdrag knytt til tema som fornybar energi, energieffektivisering, ny energiteknologi og klimautfordringar.
I år var oppgåva å finne framtidas energiløysingar for morgondagens bustadar.
Magnus Smith, Maria Skaret, Lisa Blakstad Dahl, Rune Nordmo og Vetle Wang Solheim gjekk fredag forbi 25 andre lag med si løysing for korleis ein kan nytte fornybar energi inne i bustadhus.
Torsdag føremiddag fekk dei utdelt oppgåva, og etter ei nærare sømnlaus natt, var dei klar til å levere klokka 07.00 fredag.
- Målet var å løyse oppgåvene på ein best mogleg måte. Tanken vår heile vegen var at ingen nyttar seg av fornybar energi utan at dei har kunnskap om det, og det var dette vi bygde vår oppgåve rundt, fortel Vetle Wang Solheim.
Og det skulle vise seg å vere smart. Vetle Wang Solheim og laget hans frå Atlanten vann juryen sitt hjarte, og dermed heile konkurransen.
- Juryen er streng, så det er hardt å kome til toppen. No er vi innmari glade!
- Ei spanande løysing
Gründercampen er eit samarbeidsprosjekt mellom Enova og Ungt Entreprenørskap, og laget frå Atlanten får mykje skryt for si løysing.
- Løysinga til vinnarlaget er kjemperelevant. Det er behov for tenesta, den forenklar kvardagen og ein kan tilpasse løysinga lokalt. Dette er ei spanande løysning som har stort potensial for å gjere ein skilnad, seier Anne M. Abelgaard, ansvarleg for Enova si barne og ungdomssatsing.
Og Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sparer heller ikkje på lovorda.
- Desse elevane har brukt sin teoretiske kunnskap til å kome fram til ein praktisk og framtidsretta teneste som kan kome både oss enkeltmenneske og samfunnet til gode. Når elevane får jobbe slik, ser dei nytten av teorien og det gir motivasjon for vidare læring.
Siste: Møre og Romsdal
- Schjetne på ungdomslandslaget
- No startar kampen for nytt fengsel
- Rusførebyggjer i barnehage
- Fra babes til babyer for 120 days
- AaFK jaktar på nye spelarar
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Får ikke se Tore lese nyhetene
- Seksuelt utnytta av støttekontakt
- Nattestengte vegar
- 70 misser jobben i Kristiansund
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- – Det var et helvete for meg
- – Opposisjonen er på statsrådjakt
- Gikk til angrep mot politiet
- – Tilliten til mat i Norge svekkes
- Drammen tester felles nødnummer
- Omsorgsteknologien er over oss
- – Brevveksler med meningsfeller
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Mange vil unngå E18-bommene
- Her smeller terrorbomben i Oslo


Februar 7



