25.05.2012

Kan denne seglasen gå bra?

Norsk attraksjon (NRK)

Linda Eide og mannskapet vinkar farvel ved kaia i Ålesund før dei legg ut på seglas.

NRK

Fire personar stua i saman i ein knøttliten lugar, tett piperøyk, bokserter og ladd pistol. Brudeferda blir aldri den same, etter at du har vore med på Norsk attraksjon sin høgdramatiske versjon.

Tv-serien som trakkar utanfor den vanlege turistløypa er tilbake og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte nye program tek programleiar Linda Eide oss med til ukjende attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Slik gjekk det føre seg då programmet blei spelt inn. Og gjett om det blei tilløp til kaos.

Fekk bølgjer under baugen

Brudeegget kviler vanlegvis trygt utanfor Aalesunds Museum, men no har det fått bølgjer under baugen att. Takka vere ein velvillig og modig museumsdirektør. Ole Ellefsen tok saka då Norsk attraksjon ville sjøsetje den legendariske livbåten. Med trailer gjennom tronge gater og ei forsiktig sjøsetjing i Brosundet er det klart for båttur. Bli med på ei brudeferd som slår den i Hardanger ned i støvlane!

Attraksjon Uræd (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Uræd på Valderhaugfjorden i Ålesund. Losskøyta følgjer med på opptrinnet.

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Nett som den gong

Iført blåtrøyer og skipperluer inntek eit høgkompetent mannskap det unike egget. Ole Ellefsen, Knut Maaseide og Dagfinn Ullaland, med Linda Eide i spissen. Nett som då Ole Brude la ut på si ferd over Atlanteren i 1904–05. Den gongen for å bevise dugleiken til den overbygde livbåten han hadde funne opp. Denne gongen for å vise kor fantastisk og utruleg den originale Brudeferda var.

Attraksjon Uræd (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Dette er mannskapet. Ole Ellfsen, Linda Eide, Dagfinn Ullaland og Knut Maaseide.

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Det blir fort klaustrofobisk om bord når Ellefsen, Maaseide, Ullaland og Eide røyker pipe og gassar seg i hermetiske erter i den knøttvesle skuta. Vifting med ladd knallpistol, våte fall og harde landingar er berre litt av det denne turen rommar. Fylg med i Norsk attraksjon, laurdag 28. januar på NRK1.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet