Hopp til innhold

Ny sikkerheitsstige kan redde mange liv ved båtforlis

Ny sikkerheitsstige kan redde mange liv viss ein båt kantrar. Vil ikkje settast i produksjon grunna internasjonalt regelverk.

Redningsstige

Her vert stigen løyst ut frå skapet når båten krengar.

Foto: Med tillatelse fra Arne Kåre Engeseth

Arne Kåre Engeseth

Arne Kåre Engeseth er oppfinnaren av den nye redningsstigen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
Redningsstige

Redningsstigen kan være med på å redde mange liv.

Foto: Med tillatelse fra Arne Kåre Engeseth.
Redningsstige

Viss eit skip kantrar kan ein komme seg i sikkerheit ved å klatre i redningsstigen.

Foto: Med tillatelse fra Arne Kåre Engeseth

Arne Kåre Engeseth har funne opp ein redningsstige som kan redde liv viss ein båt kantrar. No ber han om hjelp frå styresmaktene om å sette sikkerheitsstigen i produksjon.

– Håpet mitt på sikt er at dette skal vere ombord i alle type fartøy, slik at ein har ein mogelegheit til å redde seg viss ulykker skjer, seier oppfinnaren.

Les også:

Viktig ved båtforlis

Cruiseskipet Costa Concordia forliste forrige fredag. Det var meir enn 4 200 personar ombord då ulykka skjedde utanfor den italienske kysten. Ved slike hende meinar Engeseth at sikkerheitsstigen vil kome godt med.

– Sikkerhetsstigen vert løyst ut automatisk ved kantringar, og vil hjelpe folk ut av trange korridorar i kantra skip, fortel Engeseth.

Les også:

Reglar hindrar produksjon

Fleire reiarlag er svært interesserte i oppfinninga. Men den kan ikkje settast i produksjon før internasjonale reglar vert endra. Det ligg eit internasjonalt regelverk til grunn som er underlagt SOLAS, som er ein konvensjon som omhandlar sikkerheit til personell og skip på sjøen.

– Så lenge dette ikkje er eit lovpålagd evakueringssystem, er det mange rederi som meinar at løysinga ikkje er teneleg å investere i, seier oppfinnaren.

Les også:

Fleire interessentar

Både Innovasjon Norge, Høgskolen i Ålesund og Borbon rederiet har gitt tilskot til utviklinga av redningsstigen. Sjøfartsdirektoratet og selskap som er ekspertar på sikkerheit til sjøs lovprisar systemet. Men ingen vil produsere løysinga før det blir påbudd i båtar.

– Produsentar av sikkerheitsutstyr meinar at marknaden ikkje er god nok for å sette dette i produksjon, fortel oppfinnaren.

Systemet som Engeseth har funne opp er svært enkel. I endane av kvar korridor skal det vere eit skap med ein stige. Dersom båten krengar vil stigen bli løyst ut, og menneske som er fanga i trange båtkorridorer kan då klatre i sikkerheit.