Hopp til innhold

No kan du lære medikamentregning på din smarttelefon

Ny applikasjon til smarttelefonar skal hjelpe studentane å lære medikamentrekning. Appen gir deg tilbakemelding på kva du bør øve meir på.

Medikamentregning

Ny applikasjon for medikamentregning skal gjere kvardagen til studentane enklare.

Foto: Med tillatelse fra Høgskolen i Ålesund

Lars Andre Olsen

Høgskulelektor, Lars André Olsen, vonar at applikasjonen vil vere nyttig for studentane.

Foto: Med tillatelse fra Høgskolen i Ålesund

Høgskulelektor Lars André Olsen i Ålesund har utvikla verktøyet som skal hjelpe studentane å lære medikamentrekning. Han går nye veger og lanserar ein applikasjon til mobiltelefon.

– Det er ein annleis måte å jobbe på, og det vil gje ein annan innfallsvinkel til faget. Det er mykje enklare å ta fram mobiltelefonen for å øve på medikamentregning, enn å måtte leite fram penn, papir, bok og kalkulator, seier høgskulelektoren.

Les også:

Enklare for studentane

Høgskulelektor Olsen har tidlegare skrive ei lærebok i emnet. No vil han gjere medikamentregninga enklare for studentane.

– Alle har en mobiltelefon, og applikasjonar er noko som er i vinden. Dei fleste studentane våre er unge, difor er dette ein ny måte å nå dei på, seier Olsen.

Applikasjonen inneheld øvingsoppgåver i forskjellige kategoriar, og har mange mogelegheiter. Ein kan velge å løyse ei enkelt oppgåve, eller ein kan velje å ta «eksamen» for å øve seg på ei reell prøve i medikamentregning. Studentane kan og følje med på eiga utvikling i emnet.

Les også:

Hundre ulike oppgåver

Prøva i medikamentregning er obligatorisk for dei som skal verte sjukepleiarar, og kun karakteren A er god nok for å bestå i dette faget.

Verktyet har fleire hundre øvingsoppgåver og studentane får trene på den vanligste regnemetoden. Appen gir tilbakemelding på kva dei bør øve meir på, noko som kan kome godt med sidan medikamentregning er eit fag med høg strykprosent. Olsen vonar at appen blir nyttig for studentane.

– Kanskje noko av grunnen til at studentane har hatt problemer med medikamentregning er at dei må ha feilfrie prøvar, altså 100 prosent rett, før dei i det heile tatt har hatt erfaring med legemiddel, seier høgskulelektoren til NRK.

Se HELE saken her:

Video APP FEILMEDISINERING

Applikasjonen var lansert i januar 2012, og ein kan no laste den ned frå iTunes. Appen er utvikla i samarbeid med teknologiselskapet Bouvet.

Les også: