Lokaltrafikk skal sleppe å betale på «gamlevegen» i Tresfjord

Dei siste hindera før byggestart er i ferd med å bli rydda av vegen. No har Samferdselsdepartementet kome med forslag til bompengeløysing.
Foto: PressefotoDei som bur i Tresfjorden har vore redde for at dei må betale bompengar, utan å køyre Tresfjordbrua. Men no kjem Samferdsledepartementet med ei løysing som gjer at lokalbefolkninga kan sleppe å betale.
Publisert 12.01.2012 06:10. Oppdatert 12.01.2012 08:33.
- Kommentarer
- Skriv ut
Byggestart for den brua over Tresfjorden rykkjer stadig nærmare. Med denne brua skal gjennomgangstrafikken mellom Møre og Romsdal og Austlandet sleppe å køyre innom den lange og trafikkfarlege vegen i Tresfjorden.
Det er stor semje om at trafikken over sjølve brua skal vere med på finansieringa gjennom bompengar. Men ifølgje planane skal det også setjast opp bommar på den gamle vegen rundt Tresfjorden. Dette har ført til frykt for at lokalbefolkninga i Tresfjord skal bli innesperra av vegbommar.
- Les også: Bygd stengd inne med vegbommar
Gratis for lokaltrafikk på gamlevegen
Men forslaget frå Samferdselsdepartementet opnar no for at lokaltrafikken får køyre gratis, om dei ikkje kryssar brua, og om dei berre passerer ein vegbom.

Tresfjorden held fram djupt ned forbi kanten på kartet. Tresfjordbrua kjem særleg til nytte for gjennomgangstrafikken mellom Møre og Romsdal og Austlandet.
Foto: Statens vegvesenFor å få til ei slik løysing, har departementet vore nøydde til å endre retningslinene for norske bomprosjekt.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold/SCANPIX– Det var på høg tid å kome vidare med dette prosjektet. Vi måtte gå ein runde og leggje nokre prinsipp også for liknande prosjekt. M+ålet var å finne løysingar som kunne redusere den økonomiske belastninga lokalt. Vi har endra retningslinene for bomprosjekt for å kunne forsvare dette alternativet, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Les også: - Kleppa må skjære gjennom
- Les også: Tresfjordbrua i løse luften
Likevel bommar på gamlevegen
Det blir sett opp bommar på den gamle vegen rundt Tresfjorden. Men desse bommane skal berre fange opp eventuell gjennomgangstrafikk. Passerer du berre ein av desse bommane slepp du å betale. Men passerer du begge, må du ut med pengar.
– Dei som bur i Tresfjorden skal sleppe å betale for lokal køyring. Det ligg i det alternativet vi kjem med no, seier Meltveit Kleppa.
Også dei som køyrer over sjølve brua ofte får rabattordningar. Det blir innført eit betalingstak på 50 passeringar kvar månad. Passeringar ut over dette talet blir gratis.
- Les også: Kan bli Tresfjordbru i 2014
- Les også: Rungende ja til Tresfjordbrua
– Skal avgjerast lokalt
Forslaget til bompengeopplegg gjeld både Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen. Det blir no opp til fylkeskommunen og kommunane i området om dei vil ha systemet som blir foreslått no, eller om dei vil ha ein annan type differensiert rabattsystem.
– Dette skal fylkeskommunen og kommunane sjølve få avgjere, seier Meltveit Kleppa.
- Les også: Jubel for Tresfjordbrua
– Ein grundig prosess
Spørsmålet no er kor lang tid det vil gå før partane lokalt er ferdige med vedtaka sine. Striden kring den økonomiske belastninga for lokalbefolkninga har ført til at sjølve prosjektet har stått i stampe. Statsråden avviser at det er ho som har somla.
– Vi har gått grundige rundar for å sjå kva som er mogleg å få til. Eg har likt veldig dårleg at denne saka har blitt framstilt som om saka har blitt liggjande i ein skuff i departementet. Det har ho faktisk ikkje gjort, seier Melltveit Kleppa.
Kart
E 139 går i dag via Tresfjord. Tresfjordbrua skal byggjast på tvers av Tresfjorden, om lag ytst ved fjordmunningen. Vegen blir ofte kalla eksportvegen, på grunn av den omfattande tungtrafikken mellom Møre og Romsdal og Austlandet.
Kilde: Google MapsIkkje fritak på Vågstranda
Heile prosjektet strekkjer seg over to kommunar. Tresfjordbrua ligg i Vestnes, og vil knyte den austlege delen av kommunen nærare kommunesenteret på Helland. Vågetunnelen er også med i prosjektet. Denne delen ligg i Rauma kommune. Også folket på Vågstranda har bede om liknande fritak som i Tresfjorden. Det legg ikkje Samferdsledepartementet opp til.
– Vi er glade for at ting er i ferd med å skje. Men vi er skuffa over at Vågstranda ikkje får fritak for bompengar. Fritak var målet til Rauma kommune. Men det har kome nokre rabattordningar som vi må sjå nærare på, seier ordførar i Rauma Lars Olav Hustad.
– Du har bede om fortgang i prosjektet. Kva seier du no?
– Eg er skuffa over at det skal bli nye rundar med kommunane. Vi snakkar om ei svært trafikkfarleg strekning. Det er veldig synd at vi no skal oppleve endå ei ny runde i denne saka, seier Hustad.
– Kjem de til å bruke lang tid?
– Nei, ikkje slik eg ser det no. Vi har formannskapsmøte i neste veke. Det skal gå kjapt å få dette unna, seier Hustad.
– Fryktar du lang saksbehandlingstid i vegdirektoratet?
– Frykta er der. Dette har teke lang tid. Eg håpte at dette skulle vere ferdigbehandla i god tid før jul. Slik kunne vi ha hatt byggstart i februar/mars. Men det går jo ikkje, seier Hustad.
Les
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
– Han var en bauta - Storflom i Edland i Vinje
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
- Diesellekkasje fra båt i Trondheim
- Mann pågrepet med automatvåpen
- Pågrepet i væpnet aksjon i Skien
- Vurderer nedlegging av flere ruter
- Nekter islamist å være i Oslo i dag
- Her ender 17. mai for russebilen
Siste frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Siste fra Ytring
- Bygd, by og Øygard-saka
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom
- En tysk skamplett
- Evaluer norsk innsats i Afghanistan
- Målstyringsregimet
- En god skole for alle elever
- Fra en spiseforstyrret dagbok
- Vi nådde målene våre i Faryab
- Et oppgjør med voldtektsdebatten
- Handlingsregelen

Bading 17. mai i Volda






Uvanleg 17. mai-feiring i Rotterdam
