Hopp til innhold

Legg seg flate for kritikken frå Helsetilsynet

Helse Møre og Romsdal legg seg flate for kritikken frå Helsetilsynet i samband med drukningsulukka i Karihola i fjor.

Kristiansund leiteaksjon

TATT AV BØLGJENE: Dei to niåringen blei teke av bølgjene i Karihola utanfor Kristiansund.

Foto: Brunsvika.net / Scanpix

Måndag svarte Helse Møre og Romsdal på rapporten frå Helsetilsynet om brot på spesialhelsetenestelova i samband med drukningsulukka i Karihola utanfor Kristiansund 7. mars i fjor.

Les også:

– Helse Møre og Romsdal HF tek sjølvkritikk på at vi ikkje hadde gode nok rutinar for varsling, kommunikasjon og koordinering ved denne tragiske drukningsulykka, seier fagdirektør Odd J. Veddeng i Helse Møre og Romsdal.

Over 20 tiltak må følgjast opp

Odd Veddeng

IKKJE GODT NOK: Fagdirektør Odd J. Veddeng i Helse Møre og Romsdal vedgår at rutinane for varsling, kommunikasjon og koordinering ikkje var gode nok. No må nye rutinar på plass.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Statens helsetilsyn fann i si gjennomgang svikt på følgande områder:

  • Varsling, kommunikasjon og koordinering av det som skjedde var ikkje forsvarlag
  • Handteringen av dei to pasientane ved Kristiansund sjukehus var ikkje forsvarleng.
  • Sjukehuset si oppfølgjing av dei etterlatte har vore mangelfull
  • Dokumentasjon av hendinga.
  • Mangelfulle rutinar for å sikre språkkunnskapar ved tilsetjing av helsepersonell.

Samla fann Statens helsetilsyn at svikta er eit klart avvik frå spesialisthelsetjenestelova § 2-2.

Etter ein gjennomgang av rapporten frå Helsetilsynet, som kom tidlegare i haust, har helseføretaket funne eit tjuetals tiltak som må følgjast opp. Nokre av tiltaka må løysast på regionalt eller nasjonalt nivå.

Desse tiltaka vil Helse Møre og Romsdal HF følgje opp med andre naudetatar, som politi og Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og St. Olavs hospital og Helse Midt-Noreg.

Dei to jentene hamna i sjøen ved Karihola i Kristiansund den 7. mars 2010. Det blei sett i verk ein omfattande redningsaksjon. Men NRK, mellom anna gjennom programmet Brennpunkt, har fokusert på at ei rekkje rutinar blei brotne.

Begge jentene døydde ved sjukehuset i Kristiansund.

Les også:

Statens helsetilsyn meiner at begge pasientane skulle vore transportert direkte til sjukehus for behandling med såkalla hjertelunge maskin. Næraste sjukehus med slik kompetanse og utstyr var ved den aktuelle hendinga St. Olavs Hospital i Trondheim.

Vil betala for advokatutgifter

I over eitt år kjempa familien til Mona Fjelnseth, ei av jentene som omkom i drukningsulykka, for å få vite sanninga om ulykka. Dei bad om å få høyre lydloggen frå redningsaksjonen kvelden 7. mars.

Også NRK bad om innsyn i lydloggen. Etter fleire klagesaker til Helsedepartementet blei Helse Nordmøre og Romsdal tvunge til å gi frå seg lydloggen. Då hadde helseføretaket i fire månader prøvd alt for å sleppe å levera den ut.

– Helseføretaket beklagar at oppfølginga av dei pårørande ikkje har vore god nok. Me beklagar og at foreldreparet, som bad om å få høyre gjennom lydloggen, ikkje fekk oppfylt sine retter før etter nesten eitt år. Helse Møre og Romsdal HF difor gjeve dette foreldreparet tilbod om at dei får dekka advokatutgiftene sine i samband med utlevering av lydlogg, seier Veddeng.

Les også:

Vil lære av ulukka

Fagdirektøren legg vekt på at tilsette i føretaket har jobba seriøst og målretta med å svare ut rapporten frå Helsetilsynet.

– Me er forplikta til å finne flest moglege punkt til læring av denne tragiske drukningsulykka. Dei tilsette har vore løysingsorienterte, og det dei har komme med mange konstruktive forslag til oppfølging, seier fagdirektør Veddeng.

Helikopterlegen klagar på åtvaringa

Legen som varsla om dei kritikkverdige forholda under redningsaksjonen var den einaste enkeltperson som fekk ei åtvaring av Helsetilsynet.

Les også:

Tilsynet slo fast at handlinga til helikopterlegen var aktlaus då jentene vart floge til feil sjukehus. Legen stadfestar at han klagar inn vedtaket, og det blir dermed ei ny runde i Helsetilsynet med drukningssaka i Kristiansund. Men han vil ikkje kommentere innhaldet i klagen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL