Hopp til innhold

Blir størst på ferjer

Når Fjord1 slår saman Fjord1 MRF, Fjord1 Fylkesbaatane og morsselskapet til eit heilt nytt reiarlag blir dei størst på ferjer.

Moldefjord

EI AV 69 FERJER: «Moldefjord» ved kai ved verftet i Gdansk.

Foto: Fjord1

Frå 1. april neste år vert det nye Fjord1-selskapet etter planen etablert. Selskapet vil drive ferjeruter langs store deler av norskekysten, frå Finnmark til Rogaland. Hovudkontoret vert plassert i Florø i Sogn og Fjordane.

– Me har behov for å styrka lønnsemda for å sikre dagens drift og gjere det mogleg å vekse i framtida, seier konsernsjef Leif Øverland i Fjord1 til Dagens Næringsliv om bakgrunnen for samanslåinga.

Øverland seier til avisa at dei har for mange ruter dei ikkje tener pengar på.

– Me må bli flinkare til å tenkje forretning. Det viktigaste grepet er å gjera dette, de me går frå eit fragmentert konsern med reine offentlege eigarar, til ein bedriftsmodell med eitt aksjeselskap drive på ordinære bedriftsøkonomiske vilkår, seier Øverland.

Vil bli kvitt dobbeltarbeid

Konsernsjefen legg vekt på at det er ein del dobbeltarbeid så lenge dei driv i to ulike reiarlag.

– I det nye Fjord1 må me fjerne dobbelarbeidet og få ned kostnadene på drift.

Øverland seier til Dagens Næringsliv at samanslåing vil bidra til ein meir effektiv bruk av ressursar. Det skal gjere selskapet meir konkurransedyktig, nasjonalt og etter kvart utanfor Noreg.

LES ÒG:

Sel bussane

Det største påtrykket om eit reindyrka sjøselskap har komme frå dei tilsette sjølv, som har etterlyst ein driftsorganisasjon og ein felle bedriftskultur.

Øyvind Moksnes, som er tillitsvald for medlemene i Det norske maskinistforbund i Fjord1, viser til at Fjord1 sel 51 prosent av bussdrifta deira til Nettbuss frå nyttår.

– Då er det hovudsakleg sjøsida som er att. I dagens marknad med anbod meiner me som jobbar om bord at det ikkje er naudsynt med to sjøselskap. Det er vesentleg fleire fordelar enn ulemper med eitt selskap, seier Oksnes til Dagens Næringsliv.

Og understrekar at dei slik vil står sterkare saman med tanke på framtidig konkurranse.

18 millionar reisande kvart år

Det nye reiarlaget vil drive 69 nye ferjer og 11 hurtigbåtar, som fraktar over 18 millionar reisande kvart år.

I slutten av september fekk Havila as kjøpe alle aksjane som Møre Romsdal fylkeskommune hadde i morselskapet Fjord1 Nordvestlanske as, 41 prosent.

LES ÒG:

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig framleis majoriteten, 59 prosent, av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske as, som skiftar namn til Fjord1 as frå april 2012.