Hopp til innhold

Vatnet fossa inn i hurtigbåten

Ei stor bølgje slo inn døra på hurtigbåten Tideekspress som var på veg frå Hareid til Ålesund fredag ettermiddag. – Vatnet fossa inn i salongen, fortel Roger Liavåg som var på veg heim frå jobb då det skjedde.

Roger Liavåg

TRYGT I LAND: Roger Liavåg er skjelven etter opplevinga, men kom seg trygt i land i Ålesund saman med dei 20 andre passasjerane om bord.

Foto: Privat / MMS

Sjå video frå båten. Foto: Roger Liavåg:

Video Folk tok på redningsvestane

LES OGSÅ:

– Kjempebølgje

Roger Liavåg har pendla med hurtigbåten mellom Ålesund og Hareid samanhengande i 5 år. Men noko liknande uver som det som var i dag, har han aldri opplevd før.

– Eg er som regel ikkje redd sjølv om det ofte kan vere dårleg ver, men i dag følte eg at eg måtte ta på meg vesten, fortel han til NRK.

Det gjorde også dei andre passasjerane om bord. Då dei hadde passert Breisundet slo ei storbåre inn mot båten, og knuste døra.

– Det fossa inn vatn, og ei stund virka det som heile fronten av båten låg under vatn, fortel Liavåg.

Video Hyl og skrik over Breisundet

Det var tøffe tak over Breisundet mellom Ålesund og Hareid i dag. Denne videoen er filma turen før frontdøra på båten vart blåst inn av sjøen. Foto: Linda Eikrem/NRK

LES OGSÅ:

Folk var redde

Liavåg seier det ei stund virka som at båten skulle fylle seg med vatn.

– Likevel var det ingen panikk om bord. Men det var nok mange som var shaky då vi endeleg kunne gå i land i Ålesund, stadfestar Liavåg.

Hurtigbåten mellom Ålesund, Valderøya og Hareid er dermed innstilt resten av dagen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no