Hopp til innhold

– La båten ligge i helga

Redningsselskapet bur seg på travle dagar når ekstremvêret «Berit» feiar inn over kysten. Dei ber folk om å la vere å reise til sjøs i helga.

Kristin Wig Sandnes, dagleg leiar Redningsselskapet

KLARE: Redningsselskapet og dagleg leiar for Møre og Romsdal, Kristin Wig Sandnes er klare for ekstremvêret, men ber folk om å ikkje dra til sjøs.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ekstremvêret «Berit» vil slå inn for fullt frå Stad til Narvik fredag. Det er svært sjeldan meteorologane går ut med ekstremvarsel. Det har skjedd berre ein gong siste tre åra, då ekstremvêret «Ask» herja i nord.

Sjå tv-reportasje:

Video Ber folk halde seg heime

Ligg klare

Ekstremvarselet er sendt ut for Møre og Romsdal, Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og Lofoten.

I Møre og Romsdal er Redningsselskapet klare for travle døgn.

Her hos oss har vi redningsskøyta sentralt plassert i Fosnavågen. Eg har akkurat snakka med skipperen, og han er klar for å rykkje ut, seier dagleg leiar i Redningselskapet i Møre og Romsdal, Kristin Wig Sandnes.

Hans Jarle Nordstrand

FORTØYDD: Båten til Hans Jarle Nordstrand er godt fortøydd, og han er klar for ekstremvêret.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men dei ber samtidig folk om å halde seg i ro.

– Akkurat denne helga her, med meldingar om høge bølgjer og storm, så er det ikkje lurt å ta ein kosetur til sjøs. Då får heller folk kose seg heime, så kan dei vere på sjøen resten av året, seier Wig Sandnes.

Ikkje så redd

Hans Jarle Nordstrand

IKKJE REDD: Hans Jarle Nordstrand er ikkje redd for ekstremvêret «Berit».

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bølgjetoppane kan bli opp mot 30 meter høge, og det er varsla ekstrem høg vasstand og sterk vind.

Men for sindige sunnmøringar er ikkje ekstremvarselet skremmande, sjølv om mange var ute torsdag kveld for å sjå etter at båtane var godt fortøydde.

Dette er vi ganske vande med her på Sunnmøre. Eg trur ikkje det blir så ille, seier Hans Jarle Nordstrand medan han forsikrar seg om at båten er godt fortøydd ved småbåthamna på Ytterland i Giske.