Hopp til innhold

Ferjelemmen falt ned under ilandkøyring

To personar er skada etter at ferjelemmen ved Hollingsholmen fall i sjøen i ettermiddag.

Ferjelem fall i sjøen

LEMMEN FALL NED: To personar er lettar skadd etter at ferjelemmen ved Hollingsholmen fall ned medan bilane var på veg av.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Like før klokka 15:00 i ettermiddag fall ferjelemmen ved kaia på Hollingsholmen ned medan bilane var på veg av ferja.

Ein mann på 56 år og ei kvinne på 25 år vart lettare skadd då bilen dei sat i tippa over kanten og ned på ferjelemmen.

Dei vart frakta til sjukehuset i Molde etter ulukka og er framleis der til undersøking. Tilstanden er stabil, opplyser AMK-sentralen i Molde. Totalt fire personar vart sendt til legeundersøking.

Bilane var på veg av ferja

Ulukka skjedde under ilandkjøring, fortel operasjonsleiar Finn Tore Pettersen i Nordmøre og Romsdal Politidistrikt.

– Under lossing av bilar så har ferjelemmen falt ned. Det er litt uklart kva som har skjedd, seier Pettersen til NRK.

– Kva vert gjort på staden no?

– Redningsarbeidet avslutta og no går me over i ein fase der me etterforskar kva som har skjedd, og den fasen er me inne i no.

LES ÒG:

– Var sikker på han havna i sjøen

Svein Erik Haugmo stod som bil nummer tre på veg av ferja ved Hollingsholmen då ulukka skjedde.

– Eg såg at at ferjelemmen gjekk ned som vanleg, eg er usikker på bilen køyrde eller rulla utfor kanten, og så forsvann han, fortel Haugmo til NRK.

Passasjerar og mannskap sprang til for å sjå korleis det gjekk med dei som for utfor ferja.

Svein Erik Haugmo

SÅG BILEN FORSVINNA: Svein Erik Haugmo stod rett bak bilen som køyrde utfor ferja.

Foto: Privat

– Eg var sikker på at han fall i sjøen, seier Haugmo.

Bilan vart ståande på ferjelemmen, nedanfor ferjabauen. Ein av dei som stod på kaia hjelpte til og fekk køyrt bilen inn på land. Då det var gjort tok det ikkje lang tid før resten av bilane fekk køyre i land.

Haugsmo seier han spør seg om korleis noko slikt i det heile kunne skje.

– Ein lurer jo på om dei hadde heilt gløymd å justera lemmen i opp mot ferja, eller kva det var for noko.

Ferjelem gjekk i sjøen

I RUTE IGJEN: Ferjelemmen er fiksa og ruta mellom Aukra og Hollingsholmen er i rute igjen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Andre uhell på kort tid

Dette er andre uhellet med få dagars mellomrom på sambandet Aukra-Hollingsholm. Torsdag kveld grunnstøyte ferja etter å ha fått motorstopp.

Det er no MF «Nordmøre» som trafikkerer ruta mellom Aukra og Hollingsholmen etter at «Rauma» gjekk på land torsdag kveld.

Ferjeselskapet Fjord 1 MRF opplyser at ruta er i drift etter at dei har klart å retta opp lemmen igjen. Dei veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulukka.