Hopp til innhold

Er innvandringsfylket nummer ein

Møre og Romsdal har blitt innvandringsfylke nummer ein i landet. No gjeld det å halde på dei dyktige arbeidsinnvandrarane.

Nybygg på Kleven Maritime

JOBBMAGNET: Verftsindustrien trekk utanlands arbeidskraft til fylket. Biletet er frå Kleven Maritime i Ulsteinvik.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Arbeidsinnvandring har vore svært viktig for næringslivet dei siste åra.

Direktøren i Møreforsking, Roar Tobro fortalde deltakarane på Sunnmørskonferansen i Ålesund i dag at fylket er i toppen når ein ser på innvandring.

– Det som gjer Møre og Romsdal til innvandringsfylke nummer ein er at mange fleire av dei blir, me har mykje lågare sekundærutflytting av innvandrarar. Det viser at me dette er ein region som dei finn seg til rette i, og det viser seg òg når me spør dei, seier Tobro.

Livsstilsflyktningar

Ifølgje Møreforsking kjem ikkje arbeidsinnvandraren berre for å få seg jobb, men òg for å ha eit regulert arbeidsliv og naturopplevingar.

Roar Tobro

FOLK BLIR: Direktøren i Møreforsking Roar Tobro, fortel at dei som kjem blir i fylket.

– Dei er like mykje livsstilsflyktningar som arbeidsinnvandrarar, legg Tobro til.

– Er det dei som står bak mykje av veksten?

– Ja, i forhold til folketal og klare å halde høgkonjunkturen gåande skuldast i stor grad innvandringa.

Ei utfordring

Ulstein har vore eit av dei store vekstområda i fylket dei siste åra. Arbeidsinnvandring har vore ein viktig ressurs. Det er ei utfordring for kommunen, seier ordførar Jan Berset frå Høyre.

– Me har ikkje har sterkt nok fokus på integrering. Det kjem veldig mange frå utlandet som slår seg ned etter kvart, dei må me vere flinkare å integrera, seier Berset.

Ordføraren er glad for store arbeidsinnvandringa som kommunen har opplevd, for bedriftene treng arbeidskrafta.

– Men, me må saman me næringslivet bli flinkare til å trekkje dei inn i samfunnet og integrera dei.

Må klare å halde på folk

Jan Berset

MÅ BLI FLINKARE: Ulstein-ordførar Jan Berset (H) seier kommunen må bli flinkar til å integrera innvandrarane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kampen om kvalifisert arbeidskraft blir heilt avgjerande i åra som kjem dersom veksten skal halde fram. Det handlar om å halde på arbeidsinnvandrarane, men òg å gjera Møre og Romsdal til eit førsteval for norske kvinner og menn med høg utdanning som skal ut i sin første jobb.

Å gjere seg avhengig av arbeidsinnvandring kan gjere Møre og Romsdal sårbar.

– Det er jo svøpen ved dette. Beinet blir så smalt at viss ikkje føresetnadene slår til, både på arbeidskraftsida eller marknadsmessig, så kan regionen bli svært sårbar, seier direktør ved Møreforsking, Roar Tobro.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL