Hopp til innhold

– Det blir ein stressa, psykisk situasjon å sjå han

I morgontimane måndag er det kø ved Oslo tingrett. Mange ønskjer å sjå mannen som utførte terroren på Utøya 22. juli.

Breivik ankommer

Her kjem Anders Behring Breivik til Oslo tingrett.

Foto: Marius Arnesen

Det er første gongen gjerningsmannen møter i open rett. Ein av dei som er utanfor Oslo tingrett er Erik Kursetgjerde frå Sykkylven. Han er ein av dei som overlevde massakren.

Erik Kursetgjerde

Erik Kursetgjerde trur han vil føle seg tryggare etter å ha sett Anders Behring Breivik i retten.

Foto: NRK

– Eg vil oppleve å kunne føle meg trygg igjen og sleppe å springe meir. Difor vil eg gjerne sjå drapsmannen på nært hald. Slik vil eg vite at han ikkje er etter meg meir, seier Erik Kursetgjerde.

– Kvifor føler du deg tryggare når du er her no?

– No sit han mellom to politimenn. Han kjem til å ha på seg lenkjer. Når eg får sjå dette vil eg føle meg trygg igjen, seier Kursetgjerde.

Erik Kursetgjerde er spent på om det å vere til stades kan vere ein måte å kome vidare på.

– Eg vil i alle fall tru det. Men det er vanskeleg å seie. Det er opp til kvar einskild korleis ein taklar dette. Det kjem til å bli ein stressa, psykisk situasjon å sjå han. Nokre kjem til å knekke saman. Det er vanskeleg å seie kva som kjem til å skje med meg, seier Kursetgjerde.

Kursetgjerde er ein av mange som sit att med svært sterke inntrykk etter terroren på Utøya.

– Det var sjølvsagt heilt forferdeleg. Eg var nær han fleire gonger. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg klarte meg, men andre gjorde det ikkje. Det er litt innestengt. Og det er ein trist situasjon, seier Kursetgjerde.