Hopp til innhold

Unge forskarar får skryt

Dei siste 8 vekene har barne- og ungdomsskuleelevar frå heile fylket vore forskarar. – Fleire av ideane som er presenterte er ting næringslivet bør sjå litt nærare på, fortel arrangør Line Skov Pettersen.

First Lego League

Mathea Sunde og Annika Hukkelberg får skryt av arrangør og dommar Line Skov Pettersen.

Foto: Dag Roland

Ho seier ho er imponert over kva elevane har fått til.

– Eg har vore forskardommar sjølv i dag, og dei presentasjonane eg har sett har vist veldig gode oppgåver med innovative løysingar.

Lokke fleire til realfag

Det er Teknisk naturvitenskaplig foreining (Tekna) som er arrangør av det som blir kalla Fist Lego League, saman med Molde Næringsforum og Aukra Næringsforum. Dette er ein konkurranse for 10-16-åringar som handlar om teknologi, forsking og profilering.

Elevane skal gjere tre ting: byggje ein legorobot som er programmert til å løyse ulike oppdrag, forske på eit gitt tema, som i år er mattryggleik, og til slutt dele det dei har funne ut gjennom god profilering.

First Lego League

Klarer legorobotane å gjere det dei skal vere programmert til? Robotkonkurransen var for mange svært spanande.

Foto: Dag Roland

Arrangør Pettersen seier det heile er eit håp om å lokke fleire til å ta realfag.

– Vi ønskjer at folk i regionen skal ta utdanning innan teknisk og naturvitenskaplege fag for å få dei inn i den industrien som er her i Møre og Romsdal.

Klistremerke istadenfor forbruksdato

Ein av elevane som er med i konkurransen er Annika Hukkelberg som går på Riksfjord skule. Ho har saman med gruppa si funne fram til noko som skal gjere at vi kastar mindre mat.

– Med ein meir nøyaktig forbruksdato blir vi tryggare på maten. Vi tenkte å ha eit klistremerke inne i emballasjen, og ein pinne frå klistremerket til maten. Pinnen sender signal til klistremerket som skriftar farge når maten blir dårleg, fortel Hukkelberg.

På ei anna gruppe frå Sjøvik barne- og ungdomsskule har Mathea Sunde vore med på å utvikla noko anna.

– Vi har kome fram til ei ultralydmaskin som skal oppdage framande gjenstandar i fisk, fortel Sunde.

Her skal maten gå gjennom ein ultralydsensor som ser om det for eksempel er glas i fisken. Då vil det kome ein alarm og fisken blir køyrt ut og vert øydelagt.

First Lego League

Stor aktivitet i Idrettens Hus i Molde laurdag.

Foto: Dag Roland

Næringslivet ser behovet for konkurransen

For å kome fram til idear har mange av elevane fore på bedriftsbesøk og ringt rundt til aktuelle bedrifter.

– Næringslivet meiner det er behov for ein slik konkurranse. Måten elevane arbeider på her er veldig likt slik det er i arbeidslivet. Få resursar, knapp med tid og pengar og tal på personar som kan arbeide på prosjektet, fortel Pettersen.

Men om konkurransen fører til realfagsval er ikkje Sunde heilt sikker på enda.

– Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg vil når eg blir stor. Men dette verkar som ein veldig spanande og interessant veg å gå.

Vidare til Europa

Laurdag blir First Lego League arrangert i over 40 byar rundt om i Skandinavia.

Det er andre gong konkurransen vert arrangert i Romsdal, sist var det Aukra som var vert.

Og det er nettopp det dette er, ein konkurranse. Og det alle håper på er å vinne "Champion-prisen", altså å bli best samanlagt. Då får dei gå vidare til å konkurrere i den skandinavisk finale i Gjøvik i desember. Vinn dei der blir det europeisk finale og deretter verdsfinale.

– Om vi vinn "Champion-prisen" så kjem vi vidare, og det håper eg. Då kan kanskje ideen vår kome ut på marknaden, noko som kan føre til at vi kastar mindre mat, seier Annika Hukkelberg.

LES OM KORLEIS DET GJEKK MED RIKSFJORD SKULE I DEN SKANDINAVISKE FINALEN I FJOR: Vann pris i teknologi-meisterskap

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL