19.05.2013

Sjå byen feire cuptriumfen i kveld

GULLFESTEN: AaFK-spelarane er venta til byen kring 22:30. Du kan sjå feiringa her.

Sjå fotballfesten og folkehavet frå Ålesund. NRK sender direkte frå scenekanten.

SISTE:

Flyet med Aalesund-spelarane landa klokka 22:04 på Vigra. Dei er no på veg til St. Olavsplass for å ta del i feiringa.

Cuptriumfen vert feira i Ålesund i kveld. Om du ikkje er i byen kan du følgje festen direkte i NETT-TV her. Klikk på bilete over og sendinga startar.

LES ÒG:

Frå klokka 21:00 i kveld har lokale musikarar spelt opp på St. Olavsplass. Musikken spelar heilt fram til AaFK spelarane kjem heim frå banketten i Oslo.

Forseinka gullgutar

Cupheltane skulle etter planen lande 21:30 på Vigra. Charterflyet deira er forseinka på grunn av ein feil med ein flyrader i Østmarka i Oslo. Ny tid for framkomst er ifølgje Avinor klokka 22:13. Etter landing går turen til sentrum for å ta del i festen.

Radarproblema har òg ført til forseinkingar for flygingane til SAS og Norwegian til Vigra.

Gratis parkering

Arrangementet er eit samarbeid mellom Aalesund Fotballklubb og Ålesund kommune.

Og kommunen opplyser at Parkeringshusa i Kremmergården og Torghallen er opne for gratis parkering i mellom 18:00 og 24:00.

LES ÒG:

Riggar til fest

Per Jan Vinje, festansvarleg i Ålesund kommune fortel at det vert gjort klar til fest på St. Olavsplass, og at dei snart er klare.

Det er venta mykje folk, så du bør komme tidleg om du vil komme tett på sigerherrane.

Rundt klokka 21:00 byrjar festen med musikk og oppvarming. Spelarane er venta kring ti i kveld, og Vinje lovar ei varm velkomst.

– Då vert det full feiring og opp på scena med dei, og fanfare, seier Vinje.

Han håpar òg at spelarane skal underhalde litt på scena.

– Sist underheldt dei med sang, så eg håpar dei bidreg i år òg, seier festsjefen i Ålesund.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet